Verdsborgar og Bryne-bu

Sett frå Jæren skyt diagnosen av kontrastane mellom by og land over mål.

Publisert Sist oppdatert

Nasen renn. Tårene trillar. Eg spyttar. Inn frå storhavet, utan filter over dei vårgrøne slettene, rasar ein liten, men nådelaus kuling. På veg mot lyngheiene i aust treff den meg, der eg syklar innover landet for å henta yngste sonen i barnehagen. I sør vaiar den Mordor-aktige beingrinda av ein vindmøllepark frenetisk. Sykkelen står i første gir, men sjølv i nedoverbakke må eg trø så låra svir. Eg held tretti graders vinkel mot naturkreftene for ikkje å fyka på det nygjødsla jordet. Med handa verjer eg andletet mot sørvesten, som verkar å villa riva med seg hjernen på veg opp gjennom nasebora og ut venstre øyre. Eg prustar. Bannar. Jublar. Om enn seigt, så går det framover. Mellom sola og meg dansar ei vipe. Kan det bli meir jærsk?

Det var ikkje alltid så vindfullt, livet. Eg oppsøkte blesten først etter fire tiår på alle andre stader: Ikkje før såg eg dagens lys i Stavanger, før diplomatforeldra mine, båe av jærsk opphav, tok meg med på post til Ankara. Det første språket mitt var kebab-jærsk - norsk med tyrkisk bøyingsmønster. Så Moskva, der Bresjnev styrte og folket stod i kø. Jurij Aleksejevitsj Gagarin var den første helten min. Så Oslo. Eplehagevilla. Skule i Groruddalen. Alltid med vissa om at me skulle vidare. Bunkane med Newsweek på stovebordet vitna om det.

I mellomtida gjekk barndommens imperium, Sovjetunionen, i oppløysing. Familien flytta til eit sjølvstendig Ukraina. Eg pendla mellom vidaregåande i Oslo og eit loslitt, eventyrleg Kyjiv. Som vestlendingar, godt planta i motmakts-og målsakstradisjonen, kjende me oss heime på dei ukrainske viddene, blant dei som atter skulle kasta av seg «lillerussar»-stempelet og gjenreisa seg sjølv og sitt eige.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS