BØKER

Verdssoga i raudpilleform

Nils Rune Langeland briljerer med løynde sanningar om fascismen, demokratiet og «whiteness».

Publisert Sist oppdatert

Dette er en bokomtale. Meningene som fremkommer, er skribentens.

«Eg er ein afrikaander og eg reiser ikkje og tir ikkje still om så magistraten slår meg i hel!» Dette skal 17 år gamle Hendrik Biebouw ha erklært då han vart arrestert for fyll utanfor Cape Town i 1707. I sitt hovudverk The Afrikaners – Biography of a People undrar boarane sin store historikar Herman Giliomee seg over episoden som truleg var fyrste gongen ein kvit mann nytta afrikaander (afrikanar) om seg sjølv. Var det tale om ein «ny mann» på same vis som amerikanaren?

Bok

Diktatoren – Vestens politiske teologi

Nils Rune Langeland

Existenz forlag, 2026

570 sider

Under lesinga av Diktatoren – Vestens politiske teologi av Nils Rune Langeland slo det meg at Hendrik Biebouws fråsegn er djupt einsam og dimed politisk-teologisk. Politisk teologi er nemleg den einaste politiske teorien om einsemd slår Langeland fast i opningssetninga. Å plutseleg sjå løynde samanhengar i noko ein las for tjue år sidan eller om korleis verda heng saman, omtrent som å bli red-pilled i The Matrix, er ein verknad ved Diktatoren som både vekkjer tillit og mistru. Er politisk teologi som løynd kraftline i Vestens historie skildra så forførande at boka får noko av karismaen ho handlar om? Like viktig som språket og det personlege nærværet er det at boringa i Vestens mørkaste stunder er heilt utan moralisering.

Fyrste verdskrigen og svindelens etos

I tillegg til einsemd er kjernen i politisk teologi «makta åt individet», at «ein person er karismatisk i eigenskap av å framstå som ei levande lov». Om dette kling litt avleggs, handlar det om grunnlaget for all politisk autoritet, medrekna den demokratiske og rettsstatlege. Tillitssamfunnet slepp ikkje unna.

I mellomkrigstida vart autoritetsspørsmålet sett på spissen i den intellektuelle striden mellom «Hitlers kronjurist» Carl Schmitt og jødiske Hans Kelsen, som boka tek utgangspunkt i. Langeland nyttar mykje plass på kor katastrofal fyrste verdskrigen og fallet åt det tyske keisardømet var for den borgarlege ordenen. Då kjem glitrande parti som dette: «Den velpleidde spissborgaren, som hadde rådd over familien i den wilhelminsk estetisk overlesste huslege borga si av pengar og daning, blei erstatta av dei harde avsjela andletsdraga åt ynglingen under stålhjelmen som skoda utover eit apokalyptisk rike, som løynde det nye tyske og europeiske riket».

Diktatoren fortel Vestens historie frå Romarriket til i dag ved å gjenta dei same spørsmåla om dei få som fer makt over liv og daude i snirklete liner spekka med anekdotar, tenkjarar og litteraturhistorie. Ein av desse er Ernst Jünger. For Jünger hadde fyrste verdskrigen openberra «svindelens etos», som Carl Schmitt haldt fram som fascismens opphav: «eit klårsyn for at staten var ein svindel og difor ein falsk representasjon av nasjonen». Situasjonen reiste eksistensielle spørsmål for Tyskland i mellomkrigstida som går rett inn i vår eiga samtid. Kva er sanning i demokratiet? Kor skal staten vende seg for autoritet?

For Hans Kelsen kunne rettsstaten berre bli attreist på «grunnorma» som tvangsordning for menneskeleg åtferd. Denne kunne definerast ved hjelp av den nye vitskapen om retten. Carl Schmitt avviste denne vitskapen og slutta at «alle statsrettslege omgrep var sekularisert teologi» i sin studie Politische Theologie frå 1922. Norma er nemleg ute av stand til å sjå sin eigen far eller iverksetjar, skriv Langeland. Bak rettsstaten løynde det seg ein suveren diktator – ei tyngdekraft som drog attende til det personlege herredømet og trer fram i unntakstilstanden og når statens eksistens er truga.

Prosessen mot Jesus frå Nasaret som Vestens urscene

Det personlege herredømet stammar frå prosessen mot Jesus frå Nasaret. Den som les Diktatoren vil aldri sjå kristendommen på same viset. For Carl Schmitt var ikkje kristendommen eit etisk system men «ei eineståande historisk hending – eit oppdrag». Nøkkelen er at Jesus hevda han var kongen av sanning og ein levande Gud. Ein levande Gud var det same som å vere levande lov – å kunne skape heilt ny rett, or inkje. I dette blikket åt Gud som var blitt menneske «byrja nemleg historia åt Vesten».

Kva er sanning, spør Pontius Pilatus trøytt under avhøyret av Jesus i borggarden. I Michail Bulgakov sin versjon i romanen Mesteren og Margarita blir den romerske magistraten brått ramma av sjølvmordstankar og kjensle av fortaping. Kanskje anar han krafta i martyriet han skal til å stadfeste: «at sanninga domfelt av lova var kristendommen sin store siger», som Langeland skriv. Pilatus ønskte nemleg å frikjenne Jesus og ifølge Bulgakov til og med å samtale vidare med han, men vart pressa av dei jødiske prestane til å oppretthalde dødsdomen.

Poenget er at utan martyriet på krossen ville Vesten og historia tatt ein anna veg. Langeland trekk fram statens evne til å nøytralisere som nøkkelarven frå Romarriket. Den moderne statens løynlege diktatur låg i evna til å heve seg over og ta brodden av «alle subjektive lidenskapar som truga med å bli politisk-eksistensielle spørsmål». Det er dette som er Pilatus’ instinkt. Å nøytralisere Jesus ved å la han halde på, men utanfor bymurane for å sikre ro og orden. Nøytraliseringsevna inneber at den liberale, stadig meir demokratiske staten heile vegen har vore eit maskespel kor eit intellektuelt presteskap har gøymt seg bak statens fornuft som den naudsynte «åndelege krafta». Borgarane var blitt «tamdyr» med «lidenskapar som er lette å tyde». Politikken er redusert til å handtere maktbalansen mellom sosiale grupper. Sjølv religionen er blitt ei personleg hjartesak utan fare. Men Carl Schmitt ana at slike statar ikkje verkeleg let seg demokratisere.

Landnåmsmannen som suveren diktator og demokratiets politiske teologi

Motsetninga til tamdyra var landnåmsmennene i Den nye verda. Medan trua og æra vart nedkjempa i Europa tok Henrik Biebouw sine etterkommarar fatt på landnåmet og grunnla statar og byar med namn som Oranjefristaten og Vryheid. Det var reformasjonen som gjorde dette mogleg. Den radikale protestantismen hadde rydda plass for individets samtale med Gud og dimed sett subjektet fri. Boarane i den reformerte nederlandske kyrkja var som sine motpartar i Amerika strenge kalvinistar. Den frie landnåmsmannen var ein suveren diktator fordi den nye verda var i ein permanent unnatakstilstand, trass at der allereie budde innfødde. Han er «levande lov», absolutt fri og har sameina makt, rett og fridom.

Men blir ikkje den levande guden tyrann og fascist? Diktatoren er klar på at det i unnatakstilstanden er innebygd «ein ekstrem dikotomi mellom den suverene diktatoren som opphevar lova og offeret for den same unnatakstilstanden». Vestleg sivilisasjon er janusandletet. Landnåmsmennene i USA lukkast med å skape ei forfatning som var realisert politisk teologi og dimed «ekte demokratisk» om eg les Langeland rett. Prøvingsretten åt den amerikanske høgsteretten sikrar at staten og retten ikkje blir eitt, og bevarer «den europeiske statens sterkaste og eldste fiende»: motstandsretten. Carl Schmitt si «løynlege von» var at Hitler skulle lukkast med det same i 1933 – å skape ein europeisk og demokratisk forfatningsstat. Men han viste seg å vere ein incelsk hemnar, ustyrleg som den rasande tyren i arenaen, og den største svindlaren av dei alle.

Det løynde i normaliteten

Langeland driv altså ikkje med rehabilitering av verken Carl Schmitt eller fascismen, og heller ikkje posering. Han nyttar Carl Schmitt, Hans Kelsen, Walter Benjamin og ei rekkje andre til å sjå bak det løynde og dulde i vår eiga historie og normalitet. Langelandske kjepphestar som at den norske eliten manglar eigentleg autoritet fer med Diktatoren ein annan let og tyngd. I sluttkapitla vert det tydeleg at det er janusandletet, dobbelnaturen og det demoniske opphavet som definerer Vestens politiske teologi, og som er i ferd med å heimsøke verda på nytt. Partisanen i koloniane nytta det personlege herredømet mot den kvite erobraren, medan offerteologien prøvde seg på eksorsisme (av whiteness?) men vart demonisk forførd. Når han nærmar seg vår eiga tid og oppgjeret med Holocaust introduserer Langeland politisk satanisme og ei «vondskapens forfatning» som ligg under «ein teiande idyll av fortrenging» etter 1945. Desse tankane er det vanskelegare å få taket på, men er inga avgjerande innvending mot dette særs originale verket. Kan det tilskrivast kontoen for forfattaren sin hang til å strekke tankerekkjer til brestepunktet? Ei slik evne er naudsynt når tidlegare landnåmsmenn i USA og Sør-Afrika freistar å kapre offerteologien med skuldingar om «white genocide» og at verdsordenen er rigga mot den kvite mannen. Men for å finne ut av kva som må til for at denne blodstenka historia skal ta slutt må lesaren svelgje heile den 570 sider lange purpurraude pilla.

Takk til deg som abonnerer og betaler for journalistikk! Du støtter en fri og uavhengig presse, en av byggesteinene i demokratiet.

Til deg som ikke er abonnent på Minerva: Du får gratis tilgang på denne teksten fordi andre abonnerer på Minerva, høyresidens dagsavis. Dersom du også vil bidra og liker det vi skriver, podkastene våre eller debattplattformen vi tilbyr, bli abonnent du også ved å trykke her (åpner ny fane).

Powered by Labrador CMS