Tankar om kulturkrigen

Eg vil gje eit døme på mitt eige kvite privilegium.

Publisert Sist oppdatert

Kven skulle tru at ein av dei største debattane rundt finansministeren hausten 2017 ikkje skulle handla om statsbudsjettet, men istadenfor om eit slags Pocahontas-kostyme? Eg trudde det ikkje. Men det gjekk ikkje lang tid frå biletet av Siv Jensen på veg til Ville Vesten-fest dukka opp i sosiale media til det vart plukka opp av media.

Nokre av mine vener i sosiale media undra seg: Kunne no dette vera noko å skriva om?

Sjølv gjorde eg ein liten test. Eg la ut to statusoppdateringar. Den fyrste handla om at eg vurderte å kle meg ut som Siv Jensen, slik at eg faktisk kunne diskutera statsbudsjettet istadenfor å snakka om gamle utgåver av Sølvpilen. Den andre handla om statsbudsjettet, og om norsk kultur, nærare bestemt om kutt i løyvingane til Fortidsminneforeninga si museumsdrift, eit av dei som framstår som mest ubegripelege etter ein valkamp der fleire regjeringspolitikarar var svært så opptekne av å snakka om norsk kultur. Dette kjem nok ikkje som noko overrasking, men den fyrste oppdateringa var meir av ein klikkvinnar.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Digitalt årsabonnement til kr 999,-

Bestill her

Digitalt månedsabonnement til kr 119,-

Bestill her

Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-

Bestill her

Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS