DEBATT

Modig biskop i Ortegas diktatur

DEBATT: Nicaragua som var utstillingsvindauga for venstresida, er i dag eit diktatur, styrt av den gamle frigjeringshelten Daniel Ortega. Den modigaste kritikaren er ein biskop med ein dom på 26 års fengsel.

Publisert

Store folkelege demonstrasjonar i 2018 vart møtte med brutal makt. Men no var ikkje den gamle frigjeringshelten Ortega folkets mann, men forsvarar av eiga makt. Angrepa på sivilsamfunnet er seinare blitt trappa opp.

Sist ut i møte med jernneven er den katolske kyrkja. Ortega skulda kyrkja for å ha prøvd å styrta han då dei fungerte som meklarar med protestgrupper under uroa.

Kampen mot kyrkja blei trappa kraftig opp i august i fjor. Regimet arresterte prestar. Biskop Rolando Álvarez Lago blei sett i husarrest etter ein brutal aksjon mot bispesetet. Regjeringa har stengt katolske radio- og TV-stasjonar, beslaglagt eigedomar og kansellert statusen til eit katolsk universitet og katolske hjelpeorganisasjonar. Journalist Victor Ticay blei arrestert for å ha spelt inn ei forboden påskefeiring og lagt opptaket på nettet.

Tortursenter 

Fleire prestar, prestestudentar og lekfolk er i år funne skuldige i «konspirasjon mot staten» og «spreiing av falske nyhende» som, ifølgje dommarane, skadar staten. Den 9. februar i år sette Ortega fri 222 politiske fangar som han så deporterte til USA, etter forhandlingar med Washington. Fleire prestar var blant dei 222. Ortega kallar dei landsforrædarar.

Biskop Rolando Álvarez Lago

Biskop Rolando Álvarez nekta å bli deportert og blei flytta til eit fengsel som nicaraguanske aktivistar kallar eit tortursenter. Han er funnen skuldig i «konspirasjon» og «spreiing av falsk informasjon». Dommen lydde på absurde 26 års fengsel. Han og dei deporterte er ribba for nasjonale og sivile rettar på livstid.

Hemmeleg innsats 

Ein prest som klarte å flykta og kom seg i eksil under arrestasjonane i august i 2022, fortel at biskopen oppretta eit hemmeleg menneskerettskontor for å møta forfølginga. I sommar vart biskopen mellombels sett fri – i eit nytt forsøk på å bli kvitt han. Men Álvarez Lago nekta å dra frå landet. Difor bar det tilbake i fengselscella.

Nyleg kom meldinga om at 12 katolske prestar var sette fri frå fangenskap og straks deporterte. Seks av dei vart bura inne i starten av oktober. Dei 12 kom ut etter forhandlingar mellom Vatikanet og Ortega-regimet som sende ut ei fråsegn der dei 12 vart namngitt. Ortega hevda at regjeringa hadde vist vilje til «å finna løysingar». Vatikanets Matteo Bruni helsa dei 12 velkomne til Roma. Men biskop Rolando Álvarez Lago nektar framleis å dra. Han blir sitjande i fengselet.

Lagnaden til prestane som vart sende i eksil, blir det kasta lys over i eit innlegg på X (tidlegare Twitter) frå Center for Inter-American Legal Assistance in Human Rights (CALIDH). CALIDH hevda den 16. oktober at kritikarar av Ortega blir trakasserte av politiagentar som identifiserer seg som en del av det hemmelege politiet. Dei trakasserte får valet: fengsel eller eksil.

Protest 

Vi kan gleda oss over folk som er ute av fengsel. Men dette handlar ikkje om godvilje frå Ortega. Det er samvitslaust å ta frå folk statsborgarskapet og tvinga dei i eksil med alternativet: ein uviss og årelang lagnad i Ortegas brutale fengsel.

Ei gruppe FN-ekspertar slo i september fast at alle overgrepa mot akademikarar, akademiske institusjonar, kyrkjefolk og andre er brotsverk mot menneskeslekta – som forfølging på politisk grunnlag. Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) har bede utanriksdepartementet i USA plassera Nicaragua på «verstinglista».

Biskop Rolando Álvarez Lagos og andre politiske fangar må bli sette fri straks og utan vilkår. Det internasjonale samfunnet må halda Ortega-regimet ansvarleg for undertrykkinga.

Anniken Huitfeldt var i februar tydeleg i kritikken mot Ortegas diktatur og kneblinga av kyrkja. Den nye omdreiinga i maktbruken må følgjast opp av utanriksminister Espen Barth Eide.

Den lange fengselsdommen mot ein modig biskop viser diverre kor maktsjuke gamle frigjeringsheltar er. Ekteparet Ortega og Murillo må ikkje få ro i kneblinga av kritikarane.

Powered by Labrador CMS