DEBATT

I det komande valet er det eit reelt scenario at ANC og president Cyril Ramaphosa for fyrste gong fell under 50 prosent på nasjonalt nivå.

Koalisjonen av uvillige

DEBATT: Tretti år etter frigjeringa kan ein ny koalisjon sørge for det første maktskiftet i det demokratiske Sør-Afrika. Men eit stadig meir beinskjørt ANC-hegemoni gjer òg rom for krefter som trugar det unge folkestyret.

Publisert

«Det skal bli vårt 1994» sei opposisjonsaktivistar om valåret 2024, tretti år etter den mirakuløst «fredelege» overgangen frå Apartheid til fleirtalsstyre. Fredeleg i hermeteikn fordi perioden mellom 1985 og 1995 var så blodig at han kallast Den sørafrikanske borgarkrigen med minst 20 000 drepne. Likevel satt mange med ei kjensle av at det kunne gått mykje verre. Reell maktdeling var målet til Fredrik W. de Klerk som leiar for National Party og det kvite mindretalet den gongen. Utan grunnlovsfesting av til dømes faste minoritetsrepresentantar i regjeringa frykta han å bli overkøyrd av det store og veksande svarte fleirtalet. De Klerk mislukkast så fullstendig at ein ministar skal ha brølt: «Kva har du gjort?! Du har gitt vekk Sør-Afrika!» då han fekk sjå resultatet: ein einskapsstat med proporsjonalt valsystem, altså fritt fram for ANC-dominans. Mandela kalla det berre «vanleg majoritetsdemokrati».

Som ein spegelbilde av National Party si krise på slutten av syttitalet då dei hadde styrt i 30 år (og utan samanlikning forøvrig), har problema som oppstår når parti og stat blir samanfiltra lenge vore openberre. Korrupsjonen, vektlegginga av partitilhøyrsle framfor kvalifikasjonar og vanstyret nådde sitt botnpunkt under «det tapte tiåret» frå 2009-2018 då Jacob Zuma styrte. Den skjøre optimismen som rådde då Cyril Ramaphosa tok over i 2018 er daud for lengst. Mykje tydar på at ANC rett og slett har slutta å diskutere politiske vegval. Ein stolt tradisjon for ideologisk debatt har vike plass for open krig om posisjonar kor det siste er at Zuma flagga støtte til det nystifta partiet uMkhonto weSizwe (MK) og den eingong utskjelte Thabo Mbeki plutseleg er landets mest populære politiske figur.

I det komande valet er det eit reelt scenario at ANC for fyrste gong fell under 50 prosent på nasjonalt nivå. Der Mandela og De Klerk frykta kuppforsøk og sabotasje frå militæret og konservative kvite då National Party måtte gje opp makta, fryktar ein no at eit ANC på under 50 prosent vert tvinga inn i koalisjon med dei autoritære populistane i Economic Freedom Fighters (EFF) for å kunne halde seg i regjeringskontora. I tråd med trenden internasjonalt går den sentrale konfliktlina no mellom nasjonalautoritære og liberaldemokratiske krefter, ei kløft som går tvers gjennom ANC med Zuma som åndeleg leiar for førstnemnde fraksjon. For Professor William Gumede vert valet i 2024 difor eit nytt, historisk vippepunkt. Ein kanskje siste sjanse til å berge stumpane av dei betydelege demokratiske og sosiale framstega som trass alt er gjort.

No er ikkje Gumede ein nøytral observatør. Han er tilretteleggjar for MPC, ein slags delvis motvillig koalisjon av naudsyn viss mål er å forhindre skrekkscenarioet med ein ANC-EFF-koalisjon ved makta. MPC er samansett av til no åtte (!) opposisjonsparti som rommar alt frå den offisielle («kvite») opposisjonen Democratic Alliance (DA) til ActionSA med base i den svarte middelklassa, og konservative, etnisk baserte parti som Freedom Front Plus og Inkatha Freedom Party. Behovet for Gumede som mellommann er talande. Han hevdar å ha tydd til pusteøvingar, gruppeklemmar og meditasjon samt studieturar til Tyskland for å bygge den naudsynte tilliten mellom åtte politiske ringrevar med velutvikla sjølvbilete, blanda erfaringar med koalisjonar og det vi kan kalle utfordingar med personleg kjemi. I 2019 forlét til dømes ActionSA-leiar Herman Mashaba DA i frustrasjon over korleis partiet handterte rase- og ulikskapsspørsmål, og truga seinare DA-leiar Steenhuisen med søksmål. Av liknande grunnar takka òg DA sin første svarte leiar Mmusi Maimane og tidlegare Cape Town-ordførar Patricia de Lille for seg.

I eit høgsensitivt samfunn kor form og tone betyr noko vert DA sitt tidvis lite taktfulle leiarskap og dominerande posisjon problem i seg sjølv. Kven skal for eksempel vere presidentkandidat? Mange vil ha ein samlande figur utanfrå, til dømes den populære kapteinen for rugbylandslaget Siya Kolisi som nyleg tok heim verdsmeisterskapet, men han vil visst ikkje. På nokre målingar ligg MPC på førtitalet og over ANC, vel og merke før sistnemnde si valkampmaskin har starta opp. Høgt på prioriteringslista er å få slutt på load sheddingplanlagde straumbrot kor heile byar av blir mørklagde i timesvis grunna tiår med vanstyre av kraftsystemet. For lav kapasitet gjer at ein må prioritere kvar spenninga skal gå. Fordi det sei så mykje om den offentlege styringa vert dei hyppige straumbrota eit plagsamt og handfast prov på at ting går feil veg. 2023 vart eit nytt rekordår med 332 dagar med mørklegging.

Saman med kriminaliteten og ein del andre negative trendar ser pessimistar difor frampeik mot ein failed state, men det vil vere grovt forhasta. Om dei offentlege tenestene sviktar, er det sørafrikanske demokratiet betre enn sitt rykte. Mens verda opplev demokratisk tilbakegang grunna mellom anna dårleg gjennomførte val, svekka ytringsfridom og manglande uavhengigheit for rettsvesenet, måtte Zuma gå av og enda i fengsel. Institusjonane, med grunnlova i ryggen, bestod testen og handla då Zuma framleis satt med makta. Myndigheitene har ikkje prøvd å svekke ytringsfridomen, trass ein offentleg debatt kor hovudtemaet er krass og spydig kritikk mot regjeringa og presidenten. ANC har rett og slett aldri hatt eller søkt same kontrollen over ytringar og valdsapparatet som regime trår etter verda rundt. Rett nok er ikkje statsvitar Adam Przeworskis test – eit demokrati er eit system kor regjeringar tapar val – bestått til no, men ANC har tapt makta regionalt og lokalt i dei største provinsane og byane. Przeworksi peikar vidare på viktigheita av val i seg sjølv, og i Sør-Afrika er dei frie og rettferdige. Tek ein med dei enorme ulikskapane og den valdelege historia, som båe hovudsakeleg følger hudfarge, kan vi tale om ei demokratisk bragd under særs vanskelege omstende.

Ulikt mange afrikanske land ligg altså ikkje trugselen i ein ung og svak stat, men i det som formelle demokratiindikatorar ikkje fangar opp: normoppløysinga i det mellommenneskelege og einskildmenneskas kjensler av frykt, håp og svik. I boka Raseriets tidsalder skildrar Pankaj Mishra korleis framveksten av ressentiment – harme – forgiftar sivilsamfunnet, driv giftige former for sjåvinisme og ei dreiing mot det autoritære, særleg i samfunn som «kom seint» til moderniteten og vart sittande fast på globaliseringa si skuggeside. Den ofte valdelege harmen er kjenneteikna av ei sterk misnøye overfor andre menneske forårsaka av ei intens blanding av misunning og kjensle av å vere avmektig og audmjuka, skriv Mishra. Den kan ha særleg gode vilkår i samfunn som det sørafrikanske kor «formell likskap mellom individa eksisterer side om side med massive forskjellar i makt, utdanning, status og eigarskap» og kjem typisk til uttrykk gjennom xenofobi, anarkistisk vald og elitehat.

Minst sidan 2008 har afrikanske immigrantar blitt utsette for organiserte lynsjemobbar og sjølv i den sørafrikanske konteksten kan ein bli sjokkert av korleis desse gruppene vert tala om. I MPC er det særleg ActionSA som vil stramme kraftig inn på innvandringa, og vert jamt skulda for å spreie framandhat. I seinare tid har framandfrykta nådd eit nytt botnpunkt i form av partia Operation Dudula og Patriotic Alliance, kor førstnemnde er ei slags folkerørsle for å kaste ut illegale innvandrarar. På same tid er det ikkje tvil om at (den illegale) innvandringa har vore ute av kontroll. Meir rettmessig har ActionSA og DA retta sterk kritikk mot politikken som har skapt ein liten og særs velfødd elite av svarte forretningsfolk med politiske kontaktar, men utan å ha løfta massane.

Ettersom demokratiseringa av landet fall saman i tid med globaliseringa fekk Sør-Afrika aldri sjansen til i å drive tradisjonell nasjonsbygging i fred og ro i den gamle verda frå før 1989. Kontroll med grensene og nasjonal suverenitet over økonomien og fordelinga av goda var rett og slett ikkje tidsånda rundt tusenårsskiftet. Trass den stolte fagforeiningshistoria er det som i mange land i Vesten er eit tomt hol der det breie, venstreorienterte folkepartiet skal vere.

Ein studie fann at det berre er brasilianarane som har eit meir kynisk syn på politikarklassa enn sørafrikanarane. I val vert dette oversett til eit heimesittarparti på rundt 50 prosent, eller som William Gumede sei: «27 millionar røyster å ta av». Altså meir enn nok til at 2024 kan bli eit nytt 1994, eller legge grunnlaget for noko heilt anna.

Powered by Labrador CMS