Pixabay
Eg byrjar å lure på om eg skal gje Syden ein sjanse likevel.
Nokon trong til å reise og slappe av på ein stad som faktisk blei bygd for nett dette formålet, har eg aldri kjent på. Før no.
I sommar fortvila mange nordmenn over korleis ei rekordarta tilstrøyming av cruiseskip leidde til både estetisk og miljømessig forureining av fjordar og hamner her til lands. Frå dei skattefritekne klimaverstingane av nokre båtkolossar strøymer det ut representantar for den veksande asiatiske mellomklassa. Dei skapar trengsel, forsøplar og legg visstnok ikkje att nemneverdig med pengar ein gong. Skrekk og gru.
Samstundes skal eg vedgå at eg knappast er noko betre sjølv. Kvar sommar melder den mystiske trongen seg til å reise til byar i utlandet, der eg kan gå omkring og vere interessert i ting på dagtid og drikke meg full på kveldstid. Nokon trong til å reise og slappe av på ein stad som faktisk blei bygd for nett dette formålet, har eg aldri kjent på. Eg hatar å liggje på strender og har aldri vore i Syden. Når eg kjem heim frå ferie, er eg alltid mykje meir sliten enn då eg fór.
Då eg var på Island i fjor, blei eg for første gong slått av at det no er altfor mange som har same feriepreferansar som eg. I Reykjavik var heile byen, så vidt eg kunne sjå, overteken av tilreisande utlendingar. Dei einaste innfødde eg fekk auge på, jobba som servitørar eller bak kassa i suvenirbutikkar. Om ein vil observere islendingar i fri og naturleg utfalding, må ein køyre til eit kjøpesenter utanfor byen.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her