Elbilentusiastane kortsluttar elbildebatten med «fake news»

Argumentet om at elbiler ladet på kullkraft er miljøvennlig baserer seg på selektiv argumentasjon.

Publisert Sist oppdatert

Det er etter kvart vorte ei vedteke sanning at elbilar er miljøvenlege «nullutsleppskøyretøy», sjølv når det finns fossil kraft i kraftmiksen. Dessverre er dette ei «sanning» som baserer seg på svært spesiell og selektiv argumentasjon.

Eit godt døme på argumentasjonen finn me hjå nettstaden Faktisk.no, som gjentekne gonger har slått fast at elbilar er klimavenlege – til og med når dei går på 100% kolkraft! Denne artikkelen tek utgangspunkt i kjeldene Faktisk.no har referert til, og viser at dersom ein legg standardkunnskap frå økonomi og fysikk til grunn for analysen så kan ein lett vise at dei globale klimagassutsleppa må auke kraftig dersom me erstattar fossilbilar med tilsvarande elbilar – så lenge det finns kolkraft i kraftmiksen. Dette er viktig, for poenget er ikkje å kome til nullutsleppssamfunnet så snart som mogeleg, men å sleppe ut så lite som mogeleg på vegen dit.

Faktasjekkarane i Faktisk.no har teke på seg ansvaret for å passe på at ingen russiske nettroll spreier «fake news» på Facebook.com. Vert utsegner eller artiklar flagga som falske så vil du verte advart om at Faktisk.no har faktakontrollert artikkelen og funne den til å være uriktig. Trassar du likevel åtvaringa så vil Facebook avgrense spreiinga av artikkelen med opptil 80%, og deler du mange slike artiklar så kan gruppene du gjer dette i verte gjort mindre synlege.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS