DEBATT

I TV-programmet «F-ordet» har Ulrikke Falch som mål å overbevise elevene på Mysen videregående skole om at de er feminister. Foto: Xueqi Pang/NRK

Salige er dei engasjerte

Det er vi som har skapt Ulrikke Falch og kidsa som brøler for klimaet. Så no fer vi værsågod leve med dei.

Publisert Sist oppdatert

Av ein eller annan grunn begynte eg å tenke på klassestyraren frå barneskulen då eg såg F-ordet på NRK. F-ordet er serien kor Ulrikke Falch prøvar å få elevane på Mysen vidaregåande skule til å bli feministar. Ho var ei særs god lærarinne, men underviste truleg på lånt tid ettersom skuledagen vart avslutta ved at heile klassa framførde Velsigninga. Eller vi song ein folkekjær salme (dette var på nittitalet). Ingen av oss reagerte noko særleg på det. Først då vi fekk eit par muslimske medelevar skjønte vi at det ikkje var uproblematisk. Idag ville det truleg vore grunn for avskjed i unåde. I ettertid har eg tenkt at ho ved å innprente nokre slitesterke trevlar av norsk kulturhistorie ønskte å gi oss eit bolverk mot brottsjøane av venstreideologisk pedagogikk som nådelaust skulle slå innover klasseromma utetter ungdomsskulen.

Er det noko perverst over at statskanalen og den offentlege skulen slepp til ein kjendisaktivist på 23 for å overtyde uforma skuleelevar om ein i beste fall tvilsam politisk teori? Slik kan ein dåre spørje. I alle høve har NRK og skulen vore leiande i den politisk-moralske oppsedinga av det norske folket i lang tid, les: TV-aksjonen og Operasjon Dagsverk. Gamlelæraren kjempa mot ei brutal overmakt. Men alle samfunn har sine blindsoner. Der Sverige har sin åsiktskorridor har Noreg den intellektuelle konformismen. Av og til fer slike nasjonale sinnelagstrekk sære utslag. Slik sett er ikkje F-ordet nokon big deal, om enn talande om stayerevna til den norske normaliteten. Det er tvilsamt at rivaliserande rørsler hadde blitt møtt med same velvilje på Marienlyst og i Utdanningsdirektoratet.

Dei unge idag er besette av “samfunnet” og søkjer meining i politikken framfor i religion, kultur eller kunst sei Camille Paglia i eit intervju i sommar. Dei er utopistar som trur at menneskeleg lukke kan nås med sosiale reformer. Falch og F-ordet er teikn i tida. I denne livsverda spring alle menneskelege utmaningar ut av den umiddelbare sosiale røynda. «Der er eit totalt vakuum i synet deira på livet. Det er difor dei er så oppkava og følsame. Dei har ikkje lenger religion i liva sine. Religion (som kultur, ikkje moral) lærer deg metafysikk. Han viser deg korleis du kan granske deg sjølv og stille spørsmål om tilhøvet ditt til universet», fortsett Paglia. Andre symptom er det infantile sinnet vi kjenner frå identitetspolitiske samanstøyt på amerikanske campus, kronikkar som denne og nær alle utspel av Sigrid Bonde Tusvik.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS