DEBATT

Neste store velferdsreform bør vera skattelette, og ein pave fortel oss kvifor

Skattelette vil ikkje bare vera velferdsreform og maktfordeling. Det har også ei moralsk og direkte kristen grunngveing.

Publisert

Dette er et debattinnlegg. Meningene som fremkommer, er skribentens.

«Det er harde og dårlege tider, seier folk. Men det er folk som er tidene. Slik me er, slik er tidene».

Sitatet over tilhøyrer St. Augustin. Viss me skal ta til oss dette, må me nok gå i oss sjølve, for det er jo litt dårlege tider nett no. Kvifor det? Er det fordi me er dårlege folk, me som lever no, eller har me laga oss eit system som gjer at me ikkje lever slik me eigentleg har lyst til? Eg trur svaret er mest av det siste. Tida bør vera komen for ei ganske omfattande systemendring.

Denne systemendringa bør begynna med skatt, og eg vil i dette innlegget prøva å grunngje kvifor store skatteletter er det beste velferdstiltaket me kan gjera no, og kvifor dette også har ei djupare, menneskeleg meining.

I årets stortingsval fekk Høgre det tredje dårlegaste valresultatet nokon gong. Viss me skal evaluera dette, kan det gjerast kjapt: Folket ville ikkje ha det partiet kunne tilby.

Politikk bør først og fremst dreia seg om å legga rammene for at borgarane kan leva liva sine slik dei sjølve synest er best. Eg meiner det er ting som tyder på at desse rammene no må gjerast både betre og vidare.

Det er også teikn til harde tider. For første gong i manns minne ser me at komande generasjonar ikkje ligg an til å få betre levevilkår enn foreldra sine. Dette er likt over heile Vesten. Mange vil oppleva at fleire av godene dei sjølve vaks opp med, ikkje vil vera moglege å gje til eigne barn. For ikkje lenge sidan kunne mange unge foreldre både bygga nytt hus, og ofte kjøpa hytte og båt i ganske ung alder. Feriar til utlandet vart for mange sett på som sjølvsagt. Dei fleste i etableringsfasen no, kan berre gløyma dette. Det skal eigentleg halda hardt å få råd til ein brukt tomannsbustad. Begge må i alle fall jobba fullt, og vel så det.

No er sjølvsagt ikkje nytt hus, hytte og utanlandsferiar det viktigaste her i livet, langt derifrå. Det er mange ting som betyr veldig mykje meir. Helse og fellesskap, til dømes. Sånn sett bør me kanskje tola ein liten korreksjon. Likevel er røynda at unge nordmenn ser at levestandarden deira er dårlegare enn den var for foreldra, og at ein sjølv med normalt gode inntekter kan ha vanskeleg for å få endane til å møtast. I ein slik situasjon er det lov å bli litt sur. Trangare økonomi gir mindre handlefridom, og såleis færre moglegheiter. Slett ikkje positivt. Folk som arbeider med psykisk helse fortel då også at ein viktig del av terapien i våre dagar handlar om forventningsjustering. Ting blir ikkje så bra som mange hadde forventa.

Politikarane kan likevel ikkje vedta at alt berre skal gå opp og fram. Det ein derimot kan gjera, er å setja folk betre i stand til å handtera dei gjeldande vilkåra. I praksis meiner eg dette må bety at folk får behalda meir av eigne pengar.

I dag tar staten kring ein tredel av lønna til dei aller fleste i skatt. Det ein skal få att, er tilgang til naudsynte offentlege tenester. Såleis kan det ikkje vera rom for statleg sløsing. Einkvar som gir av eiga løn, må vita at pengane blir brukt fornuftig. I dagens Noreg er det dessverre ikkje alltid slik, for staten brukar mykje pengar på ting som ikkje er naudsynt. Eg meiner me no er komne dit at folk i større grad har bruk for pengane sine sjølve. Derfor bør den neste store velferdsreforma her i landet berre vera skattelette. Pengar er makt, vert det ofte sagt. Ja, då må familiane og einskildmenneska behalda meir, og staten monaleg mindre. Skattelette vil vera både velferdsreform og maktfordeling.

Men skattelette har etter mi oppfatning også ei moralsk og direkte kristen grunngjeving. Etter den industrielle revolusjonen skreiv pave Leo XIII i 1891 encyklicaen (paveleg rundskriv) Rerum Novarum om forholdet mellom arbeid og kapital. Her skreiv den dåverande paven mellom anna følgjande:

«It is surely undeniable that, when a man engages in remunerative labor, the impelling reason and motive of his work is to obtain property, and thereafter to hold it as his very own. If one man hires out to another his strength or skill, he does so for the purpose of receiving in return what is necessary for the satisfaction of his needs; he therefore expressly intends to acquire a right full and real, not only to the remuneration, but also to the disposal of such remuneration, just as he pleases. Thus, if he lives sparingly, saves money, and, for greater security, invests his savings in land, the land, in such case, is only his wages under another form; and, consequently, a working man's little estate thus purchased should be as completely at his full disposal as are the wages for his labor. But it is precisely in such power of disposal that ownership obtains, whether the property consists of land or chattels. Socialists, therefore, by endeavoring to transfer the possessions of individual to the community at large, strike at the interests of every wage-earner, since they would deprive him the liberty of disposing his wages, and thereby of all hope and possibility of increasing his resources and of bettering his condition in life.»

Når ein les dette, kan ein faktisk få inntrykk av at paven legg til grunn at det ikkje skal vera nokon inntektsskatt i det heile, men det kan me la henga i lufta. Poenget her er det djupt menneskelege i å arbeida, og kva føremålet med dette faktisk kokar ned til.

I denne samanhengen peiker paven på at eigedom i praksis berre er eit anna uttrykk for løn, og derfor må vera til eigaren sin fulle disposisjon. I Noreg har me mange avgrensingar på eigedomsretten, mellom anna at det er byggeforbod i 100-metersbeltet til sjøen. Dette er jo grunngjeve med omsynet til allemannsretten, og er dermed eit døme på det Leo XII kallar å «frårøva» folk råderett, håp og moglegheiter av omsyn til samfunnet i stort. Grunnen til at eg trekker fram akkurat dette, er fordi eg meiner at nettopp denne saka er ein av grunnane til Høgre sitt fall langs Vestlandskysten. I 2013 gjorde partiet eit svært godt val her, særleg fordi ein viktig lovnad var å gjera det enklare å bygga langs sjøen. Men dette lukkast ein ikkje med, og partiet mista truverd som forsvarar av den private eigedomsretten. Eigedomsrett over eiga løn og vidare over eigen eigedom har ein djupt personleg verdi. Tida er komen for ei monaleg styrking av denne retten.

Men paven brukte altså ordet «depriving», altså «frårøva», om offentleg omfordeling. Det er harde ord. Men kanskje synest me det er harde ord fordi me har akseptert at slik er det, og blitt vane med det. Men det må ikkje vera slik. Staten må ikkje ta ein tredel av lønna til alle nordmenn for å halda oppe eit godt velferdstilbod. Som Jesus sa til ein tolloppkrevjar: «Krev ikkje inn meir avgifter enn du har rett til». Den norske staten i dag tek etter mitt syn langt meir enn den har rett til.

Framfor valet i 2025 hadde Høgre ein skattelovnad som ville gje folk 1000 kroner mindre i skatt kvar månad. Dette var ein god lovnad, men neppe nok. Eg vil hevda at folk i dag heller treng 10 000 mindre i skatt kvar månad. Ei slik skattelette ville sett folk betre i stand til å handtera dagens vilkår, og gitt alle mykje større handlefridom. For å finansiera dette må dei offentlege utgiftene ned. Høgre bør difor framover debattera kva staten rett og slett skal slutta med. Kjem ein med ein stor skattelovnad, må ein også ha svaret på kor ein kuttar, slik at folk kan ta eit opplyst val. Men at staten får mindre pengar vil i seg sjølv vera bra. Dette vil gje mindre rom for detaljstyring, og strengare prioritering av det som er viktig.

Viss ein spør ein handverkar om kva ein reduksjon av inntektsskatten til lat oss seia ti prosent hadde betydd, ville ein truleg sett i gang både optimisme og draumar. Eg trur det hadde utløyst ei skaparkraft som me ikkje har sett her i landet på lenge.

Kombinert med at staten i ein slik situasjon hadde fått dårlegare råd, og dermed hadde måtta lempa på både detaljstyring og reguleringar, kunne dette blitt retteleg bra.

Eg kjem gjerne tilbake med eit innlegg for å gjera greie for kva staten bør slutta med, men ei systemendring som begynnar med skattekutt vil løysa mange andre problem. I seinare tid har likestillings- og familiepolitikken kome under lupa. Ikkje fordi folk er mot likestilling trur eg, men fordi kvardagen er blitt for krevjande for mange. Eigentleg trur eg det handlar om at det rett og slett blir lagt for mange føringar på oss frå det offentlege, og at me er tvungne til å føya oss grunna stadig mindre økonomisk handlefridom. For foreldre som ønskjer meir tid med barna sine, finst det ikkje noko betre verkemiddel enn eit radikalt kutt i inntektsskatten.

Tilbake til St. Augustin: Eg trur ikkje me er dårlege folk. Men eg trur systemet vårt er dårleg. Me må derfor gjera tidene meir i samsvar med dei me er, slik at det kan bli betre tider. Då må me legga til rette for at folk får belønning for å gjera det som er sjølve føremålet med å leva og arbeida: Gjera levevilkåra betre for seg sjølv og sine, og la dei sjå at det er både håp om – og moglegheiter – til det.

Du får gratis tilgang på denne teksten fordi andre abonnerer på Minerva, høyresidens dagsavis. Takk til deg som abonnerer og betaler for journalistikk! Du støtter en fri og uavhengig presse, en av byggesteinene i demokratiet. Dersom du også vil bidra og liker det vi skriver, podcastene våre eller debattplattformen vi tilbyr, bli abonnent du også ved å trykke her (åpner ny fane).

Powered by Labrador CMS