Carly Rae Jepsen opptrer i Salt Lake City.
Carlyfan22 - Wikimedia Commons
Kulturanbefaling: Carly Rae Jepsen
Listepop er overvurdert av folket, men undervurdert av eliten.
I vår postmoderne og postfaktuelle, digitale, kaotiske og travle mediekvardag, der vi uavbrote blir bombardert av flyktige og overflatiske bodskapar, aldri kjem til botnen i noko som helst, men berre blir meir og meir stressa, er det somme tider godt å kunne kople heilt ut og høyre på kva den internasjonale masseunderhaldningsindustrien for tida har å tilby oss av listepop. Denne sjangeren som er så overvurdert av folket, men undervurdert av eliten. Det suverent og utan tvil beste tilskotet til den dei seinaste åra kjem frå kanadiske Carly Rae Jepsen, som starta karrieren slik ein gjerne gjer det no til dags – med tredjeplass i ein songkonkurranse på TV.
Difor har det musikalsk ikkje teke heilt av for henne før med albumet «Emotion», som kom i fjor. Her klarar ho eit kunststykke som mange lenge har etterlyst, nemleg å børste støvet av åttitalets kjølige synthpop, men samstundes lage ei oppdatert og dagsaktuell utgåve av den. Denne plata er litt som å høyre The Human Leagues klassiske album «Dare», berre med eit lydbilete vi kjenner igjen frå VG-lista eller frå bakgrunnsmusikken når vi er ute og handlar klede.
Av den grunn verkar plata aldri gamal eller tilbakeskodande for lyttaren, berre med ei nostalgisk sjel, og berre latterleg fengjande heile vegen igjennom. Og sjølv om artisten er langt forbi ungjentealderen, har ho aldri falle for freistinga til å lefle med dårlege verdiar (slik landsmann Justin Bieber har byrja med) eller spele på sex (til det manglar ho vel kurver). Musikken og imaget er difor noko alle konforme og godt oppdregne forstadsungdomar burde trykkje til sitt bryst. Her vekslar songtemaa mellom problematisk kjærleik og feelgood, utan at det nokon gong blir for barnsleg.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her