Kulturanbefaling: Japansk rydding
Greitt, eg er minst tre år for seint ute, men eg fekk i det minste skrive dette før TV-serien kjem på Netflix (visstnok i 2019). Etter å ha stått i eit halvt år på venteliste på biblioteket har eg nemleg til slutt fått lese denne verdsfemnande bestseljaren og livsomkalfatrande protesten mot overforbrukssamfunnet, nemleg «Magisk opprydding – rydd deg lykkelig med konmari-metoden» av den japanske ryddeguruen Marie Kondo. Ah.
For å ta samfunnsanalysen først: I takt med at vestlege (og japanske) menneske lenge har hatt fri tilgang til altfor mykje billeg krimskrams frå Kina, og at klimamedvit har breidd om seg, handlar ikkje sjølvhjelpsbøker berre om korleis ein skal oppnå det ein ønskjer seg, men òg om korleis ein skal ønskje seg mindre. Eit liv med for mange ting omkring seg er eit liv oppslukt av kaos. «Rydd rommet ditt», er eit av råda Jordan Peterson har blitt kjend for å gje til unge frustrerte menn som treng å halde kaoset på avstand. Marie Kondo er Jordan Peterson for litt eldre frustrerte kvinner – og meg.
Inspirert av boka gjekk eg i gang med å kvitte meg med alt eg kan vere forutan her i livet, bortsett frå skoesker. Dei treng ein nemleg til å stable sokkar og truser vertikalt og innbydande ved sidan av kvarandre, får ein vite i boka. Eg skjøner godt at millionar av menneske har late seg rive med av skildringa av korleis ein steg for steg skal kvitte seg med all skiten som har samla seg opp gjennom åra. Som det kjende rådet lyder, skal du ta opp kvar enkelt ting og spørje deg sjølv om han gjev deg glede. Dette er som det motsette av reklame. Der ein tidlegare har blitt rusa av å kjøpe ting ein ikkje treng, kan ein no bli like rusa av å kaste dei att. Og det stemmer verkeleg at ein blir nøgd etterpå.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her