DEBATT

«Trälar under penningen» av Eero Järnefelt viser svedjebruk i Karelen.

Jo, Sanna! Skogfinnane var offer for tvangsfornorsking!

Meiner verkeleg Sanna Sarromaa at historia om skogfinnane er slik integrering skal fungere?

Publisert

Dette er et debattinnlegg. Meningene som fremkommer, er skribentens.

Sanna Sarromaa kom 1. juli i ein Minerva-video med ei rekkje fråsegner om skogfinnar som ikkje kan stå utan kritikk. Det Sarromaa og Minerva gjer er å undergrava skogfinnar som ein av dei anerkjende minoritetane i Noreg og nekte for den historiske undertrykkinga dei vart utsette for. Ein minoritet som mista språket sitt gjennom ei statleg vilja tvangsfornorsking. Dette er ikkje fyrste gongen Sarromaa har gått etter marginaliserte språk. I 2020 skreiv ho at kvensk ikkje eingong var eit eige språk.

«Det er ikkje statens skuld at skogfinnar ikkje snakkar finsk lenger»

I 1823 kravde skogfinnane, på norsk og svensk side av grensa, å få bruke finsk i skulen og kyrkja og få finsktalande lærarar og prestar. Dessutan kravde dei ein eigen skogfinsk kommune med autonomi for å kunna fremja skogfinske interesser og skogfinsk levemåte, for allereie då var kulturen deira truga av ei fornorsking, og försvenskning.

Fremst i desse krava stod presten Carl Axel Gottlund som fekk audiens med den dåverande svensk-norske kongen Carl Johan for å tala skogfinnanes sak. Skogfinnane fekk likevel ikkje gjennomslag for krava sine, men snarare det rake motsette. Finsk språk vart forbode i skulane og kyrkja, medan ein eigen skogfinsk kommune vart sett på som separatisme. Gottlund vart landsforvist frå både Noreg og Sverige. Likevel seier Sarromaa at skogfinnane vart utsette for ein gradvis, naturleg fornorskingsprosess, utan statleg tvang.

Når Sarromaa seier «det at skogfinnar ikkje snakkar finsk [lenger] er ikkje statens eller kyrkjas skuld» er det ei rein usanning. Skogfinnane var stolte nordmenn og svenskar som betala skatt, møtte i det norske rettsvesenet og tenestegjorde i den norske og svenske hæren; i 1814 slost dei til dømes mot kvarandre. Skogfinnane valde ikkje å leggje frå seg det finske språket sitt. Den norske og svenske staten sende inn tryggingstenesta (dagens PST og Säpo) for å overvaka og slå ned på alle forsøk på å bruke finsk språk offentleg att. Finsk på Finnskogane skulle gløymast og det vart det.

Eit mørkt, men stort sett gløymt kapittel i norsk og svensk historie. Sannings- og forsoningskommisjonen fekk i 2018 mandat frå Stortinget om å setja ljos på tre mørke kapittel i norsk historie, om korleis den norske staten og storsamfunnet har undertrykt samar, kvener og skogfinnar.

Born som høyrde til desse minoritetane fekk traume og skam resten av livet for det dei gjekk gjennom, og mange valde å skjule identiteten sin for å skjerme framtidige generasjonar. Når Sarromaa seier «skogfinnane har ingen opne sår» og at «skogfinnane er ein tullenasjon», viser ho at ho uttalar seg om ein minoritet ho har null kjennskap til og ingen rett til å uttala seg på vegner av.

I 1898 vart òg kvensk og samisk heilt forbode i skulane i Nord-Noreg, då Wexelsen-plakaten normerte skulespråket i landsdelen. Kring 1960-talet avtok den verste tvangsfornorskinga, men det har teki fleire generasjonar å reversere noko av fornorskingsprosessen og særleg kvensk språk slit kraftig i dag. «Språktap er uungåeleg», seier Sarromaa, men er det eigenleg det? Romfolket har vori i Noreg like lenge som skogfinnane utan å miste språket sitt, trass all faenskapen staten har påført dei oppigjennom. Språktap er ikkje valfritt, det blir påtvinga.

Skogfinnane sleit på jorda, men fekk ikkje eige henne

Sarromaa hevdar at «[skogfinnane] fekk tilgang til jord og land, og dei kom til  Noreg for å skapa eit betre liv», men det er ei sløv sanning. Det er sant at vilkåra i Savolax ikkje var det beste, dels på grunn av mange krigar mellom Sverige og Russland. Mange av dei finnane som kom til Sverige og seinare Noreg fekk likevel ikkje det gode livet dei hadde drøymt om. Dei måtte slite på dei dårlegaste jordflekkane, frå dei var born til dei døydde, i endå større fattigdom enn mange etnisk norske husmenn.

Eit av krava som skogfinnane hadde reist i 1823, var å kunna kjøpe eiga jord, for skogfinnane hadde nemleg forbod mot å kjøpe jord sjølv. Dei måtte i staden bygsle den dårlegaste jorda og levde i stor fattigdom. Heller ikkje det å eige jord fekk skogfinnane lov til før lenge etterpå, då språket var so godt som tapt. I 1902 fekk heller ikkje kvener, eller samar, lov til å kjøpe jord i Noreg lenger. Dei måtte tala norsk heime elles fekk dei ikkje den same grunnleggjande retten som etniske nordmenn hadde.

Meiner verkeleg Sarromaa at det er slik integrering skal fungere? Når ei ny folkegruppe (nordmenn) kjem inn på landet som fyrst var busett av til dømes samane, so skal dei innføre språket, kulturen og religionen sin, forby samane retten til jorda og kulturen sin. Sluttar dei store medieverksemdene seg faktisk til slike meiningar? For kvifor elles gjev dei slike utdaterte meiningar eit so stort talerøyr i 2026?

Takk til deg som abonnerer og betaler for journalistikk! Du støtter en fri og uavhengig presse, en av byggesteinene i demokratiet.

Til deg som ikke er abonnent på Minerva: Du får gratis tilgang på denne teksten fordi andre abonnerer på Minerva, høyresidens dagsavis. Dersom du også vil bidra og liker det vi skriver, podkastene våre eller debattplattformen vi tilbyr, bli abonnent du også ved å trykke her (åpner ny fane).

Powered by Labrador CMS