Abraham og Isak

Svar til Snoen: Guds intensjon var aldri at Abraham skulle ta livet av Isak.

Publisert Sist oppdatert

Svar til Snoen: Guds intensjon var aldri at Abraham skulle ta livet av Isak.

Fyrst vil eg takke deg, Snoen, for å rydde bort uhaldbare bibeltolkningar. Thorsen og Stålsett må tale for seg sjølv, men det er jo lett å mistenke at dei her held seg med ein type postmoderne hermeneutikk der meininga i teksten i nokon grad er frikopla frå historisk kontekst og forfattars intensjon. Kristendomen er «ubønhøyrleg» bunden til Bibelen (utan dermed å seie noko eintydig om kva natur dette bandet er av), og for ein ansvarleg og seriøs bruk av Bibelen er det viktig å gjere det ein kan for å forstå tekstars historiske meining før ein vurderer dei i systematisk (dogmatisk, etisk) kontekst.

For det andre: NT – dvs. Jesus og apostlane – fastheld (naturlegvis) denne forteljinga som normativ og som «sann» om Gud, dvs. at forteljinga seier noko vesentleg om Gud. Og når Paulus omtalar Jesu offer som at «han ikkje sparte sin einaste son,» så er dette sannsynlegvis ein allusjon til Gen 22. Dvs. at Gud lot sin son døy til frelse for verda, og at dette har sitt «typologiske» motstykke i Gen 22. Her er det naturlegvis plenty av karikaturar ute og går, som til dømes Frode viser i sin kommentar. Det er ikkje tenleg eller konstruktivt med slikt. I NT er det uansett Jesus sjølv som frivillig gjev seg sjølv i døden; han blir ikkje tvinga til det, men gjer det av eigen fri vilje og eigen kjærleik. Korleis oldkyrkja les Gen 22 (dvs. om dei les han allegorisk og ser bort frå evt. bokstaveleg meining, tør eg ikkje uttale meg om. Her finst kommentarar som ein kan konsultere.)

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Digitalt årsabonnement til kr 999,-

Bestill her

Digitalt månedsabonnement til kr 119,-

Bestill her

Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-

Bestill her

Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS