DEBATT

Solheims hyllest til brutale herskarar

DEBATT: I Kina og India som Erik Solheim framhevar som lysande eksempel for ei fredelegare verd, vert undertrykking og forfølging av religiøse minoritetar verre og verre.

Publisert Sist oppdatert

Det skal Erik Solheim sanneleg ha: Han er open om og stolt av venskapa sine med toppane i det kinesiske diktaturet og India som i praksis er blitt ein autoritær hindustat.

I eit intervju i Minerva gjev Solheim fleire viktige perspektiv på stormaktsrivalisering i ei meir multipolar verd. Eg har også sett dei farlege sidene av USAs militære rolle i Midtausten. Og eg ser med djup uro på at «den frie verda» igjen kan bli leia av ein president som truleg bør burast inne for kuppforsøk.

Det Solheim ikkje snakkar om 

Mitt perspektiv er det Solheim ikkje snakkar om. Solheim fortel at han «mange ganger» har oppmoda kinesiske leiarar til å «la kritikk passera eller kanskje lære av den». Ikkje minst det siste er viktig.

Men kva har Solheim elles valt å bruka tida si til når han så mange gonger får møta sentrale kinesiske leiarar?

Har han bede Kina læra av kritikken mot tvangssterilisering og andre grufulle overgrep i «omskoleringsleirane» – konsentrasjonsleirane – i Xinjiang?

Har han bede leiarane i Beijing læra av kritikken mot det brutale overvakingssamfunnet?

Har Solheim teke opp at tusenvis av krossar blir rivne ned av kyrkjetak og erstatta med kinesiske flagg? Har han kritisert stenging og riving av kyrkjer og moskear?

Og har Solheim brydd seg med å løfta fram lagnaden til namnebroren til utanriksminister Wang Yi: Ein modig og fredeleg pastor i Chengdu er dømt til fengsel i ni år for å ha kritisert forfølginga av kristne og ein serie andre grove brot på menneskerettane.

Glorifisering av diktatur 

Solheim seier i Minerva: «Hvis jeg for eksempel holder et foredrag med absurde anklager mot eller grov sjikane av president Biden, gjør den amerikanske ambassaden i Oslo ingenting.»

Ja, Kina kan godt læra at ikkje alle kritikarar straks bør bankast i hovudet med noko hardt. Men burde ikkje Solheim snart halda eit foredrag der han ope kritiserer Xi Jinping? Han kan gjerne droppa «grov sjikane», det er nok av grufulle fakta.

Så langt har Solheim i praksis glorifisert eit diktatur.

Når kritikken prellar av 

Så til India. Også i intervjuet i Minerva hyllar Solheim statsminister Narendra Modi. Indias innsats for klimaet – nasjonalt og globalt – er svært viktig.

Men så uhemma er Solheims gjentekne Modi-hyllest på mange andre felt at norske India-fagfolk har slått fast at Solheims skryt er misvisande.

Det er påfallande og djupt urovekkjande: Di meir uhemma Modi let hindu-nasjonalismen styra India og herja med dei religiøse minoritetane, di meir uhemma blir – om mogeleg – Solheims hyllest. Samstundes bagatelliserer han overgrepa mot religiøse minoritetar utført av Modis valdelege vener.

I eitt av sine mange hyllande bidrag, i Panorama Nyheter, reduserte Solheim ein gong spenninga mellom hinduar og muslimar til noe «jeg gjerne skriver om en annen gang». Det var i august 2022, for halvtanna år sidan. Tida bør absolutt vera inne no etter statsminister Modis splittande tale 21. april. Der brukte han ord som «infiltratørar» om muslimane, den største religiøse minoriteten. Modi er med rette – på nytt – blitt kritisert for å spreia hat, og han gjer det målmedvete i valkampen. Han samlar altså veljarar til sin hindunasjonalistiske agenda ved å splitta. Det er djupt urovekkjande, men ikkje nytt.

Maktdemonstrasjon mot muslimar 

«Hinduismen er en sekulær, ikke dogmatisk religion, og India kan gi plass til alle», skreiv Solheim den gongen. Kanskje det. Men den krafta som no styrer og pregar India, er eksplosiv og farleg politisert hinduisme: hindunasjonalismen og hindutva-ideologien.

Kvar var Erik Solheim då Modi 22. januar opna eit majestetisk og høgst kontroversielt hindutempel i Ayodhya? Tempelet vart reist der ein hindunasjonalistisk mobb – det vil seia Modis valdelege støttetroppar – i 1992 illegalt reiv ein moské som hadde stått der i over 400 år. Tempelet vart bygt i namnet til hinduguden Ram. Denne maktdemonstrasjonen viser veg til «det nye India» som Modi har lovd.

Det hindunasjonalistiske partiet BJP, som Solheim har kalla det kanskje mest vellukka partiet i verda, er i ferd med å gjera «verdas største demokrati» til eit demokrati berre på papiret. Vil Modi – etter ein tredje valsiger – endra grunnlova og også konstitusjonelt gjera India til ein hindustat? Mine indiske kjelder fryktar det. Dei trur at det einaste som kan hindra Modi her, er tydeleg motstand internasjonalt. Kva har Solheim sagt til venen Narendra Modi?

Vekst i overgrep mot kristne 

Samstundes som Modi opna tempelet i Ayodhya, klatra hindunasjonalistar opp på kyrkjetak i ein annan by og festa hinduflagga sine til kristne krossar. Er det dette som gjev Solheim grunn til optimisme om eit India med plass for alle? Kvifor overser Solheim at den paramilitære bevegelsen RSS, som er ei politisk grein av, har lansert ein kampanje for å «befri» India frå både islam og kristendom?

Solheim har skrytt av framgangen i den største delstaten Uttar Pradesh: 17 millionar minitoalett har enorm verdi i kampen for betre helse.

Men ein fersk, alarmerande rapport slår fast at 2023 var det verste året for hindunasjonalistiske angrep på kristne. Den aller verste staten var også i fjor Uttar Pradesh.

Det var 50 prosent vekst i dokumenterte valdsangrep på kristne frå 2022 til 2023 i heile India. Veksten har vore markant sidan Solheims indiske helt kom til makta i 2014. Inn mot valet i år har veksten halde fram, fortel mine urolege kjelder.

I sentrale delar av India er det i 13 distrikt langt på veg blitt farleg å praktisera kristen tru. Dei aller mest utsette for dette religiøse hatet og valdsangrepa er dalitar (kastelause), stammefolk og kvinner – grupper som elles står på Solheims indiske skryteliste.

Solheim brukar å gjera som den amerikanske ambassadøren han viser til som føredøme: han let kritikk passera. Eg spør likevel: Ser – eller overser – Solheim desse farlege skuggesidene ved dei brutale stormaktene han ofte stiller i så godt lys?

Powered by Labrador CMS