Ei nyttig dose pessimisme

Ivan Krastev let lesarane sine forstå meir av det austlege sentral-Europa, og dermed også meir av det sentrale vest-Europa.

Publisert Sist oppdatert

Eg har brukt romjula på å lesa den bulgarske statsvitaren Ivan Krastev si bok After Europe, ei kort lita bok om eit Europa som har mista sin sentrale plass i verdspolitikken, eit Europa i identitetskrise og eit Europa der sjølve det europeiske prosjektet har mista sin appell. Det er ei pessimistisk bok, sidan Krastev meiner at «disintegrasjonstoget» allereie har køyrd ut frå jernbanestasjonen i Brussel. Han fryktar at dette vil døma kontinentet til uorden og til global irrelevans, og han er også uroleg for at det vil føra til at toleranse og openheit vert erstatta med det han kallar bøllete trangsynthet.

«Det kan føra til at liberale demokrati i Europas periferi bryt saman», åtvarer Krastev, som meiner at samanbrotet ikkje med naudsyn vil føra til krig, men truleg vil bidra til «elende og uro».

Men pessimisme til trass: det er ei lesverdig lita bok, dette. Den viktigaste grunnen til det er kanskje at Krastev maktar å gje lesaren meir forståing av eit skilje som går mellom aust og vest i dagens Europa. Han skriv om ei tillitskrise til det etablerte, og han skriv om korleis flyktningkrisa i 2015 har påverka europeisk politikk. Migrasjonskrisa konfronterer liberalismen – i utvida forstand – med eit sentralt spørsmål, skriv Krastev. Korleis går universelle rettar saman med at me lever i samfunn som i ulik grad er frie og framgangsrike?

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS