Norsk rødt fe, Finnesand samdrift. Foto: Lucinda Morgan [CC BY-SA 3.0]
Meir fe enn frende
I over hundre år har nynorsk-folket fått høyre at vår tid er ute. Historia har synt at dei som seier det, stort sett er meir fe enn frendar av språket.
Minerva-redaktør Nils August Andresen har sett inn i spåkula og oppdaga at nynorsken er i ferd med å døy ein langsam daude. Dette bør ein lytte til – det er jo alvorlege greier, dette her. Ikkje minst når det kjem frå mannen som for nesten nøyaktig tre år sidan proklamerte at Senterpartiet var kisteklar. Alle som har følgt målingane i ettertid, ser jo at slike ting forstår Andresen betre enn senterpartistane sjølve.
Tekstane om Senterpartiet («En verdig død») og om nynorsken («Døyr nynorsk») er på mange måtar like. Oslo 3 har sett ut over verda, analysert og konkludert: Dette fenomenet har ikkje livets rett. Det er underordna at hundretusenvis av senterpartiveljarar eller nynorskbrukarar har ei anna meining. Denne respiratorpasienten må nokon ta ansvar for, og overlege Andresen er klar til å fortelje dei pårørande den lagnadstunge bodskapen: Dette går ikkje meir.
Det Nils August Andresen og eg har til felles, er at vi båe to har vakse opp på Oslo vest. Eg kan seie ganske sikkert at den oppveksten ikkje gjev særleg god kunnskap om den nynorske kvardagen. Ein får lett inntrykk av at nynorsk finst fordi staten vil det. I røynda er det motsett: Nynorsk finst fordi folk vil skrive nynorsk – ofte trass i dei vanskane ein møter til dømes i det offentlege.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her