Det er noko klokt ved solhjellismen; han har teke konservative innsikter opp i seg, skriv Pål Mykkeltveit. Foto: Tommy Gildseth, CC-lisens.
Stutt analyse av solhjellismen
Bård Vegar Solhjells nye bok gjev innblikk i kva slags ideologi det er partikameratane i SV ikkje vil ha.
Solhjellismen er ein særnorsk avart av den internasjonale venstreliberalismen, som hadde slikt eit dårleg år i 2016. Han er særmerkt ved at han – samanlikna med sine systerideologiar på kontinentet – har betre analyser, men mest dei same svara.
[fact_box fact_box_id="104569"/]
Det teoretiske fundamentet for ideologien blei første gongen presentert for allmenta i Bård Vegar Solhjells bok Solidaritet på ny frå 2011. Det var ein ganske langdryg affære der forfattaren mellom mykje anna rakk å løyse Israel-Palestina-konflikten og dei demografiske problema i Søraust-Asia. Ein uvenleg innstilt lesar kunne likevel registrere at ideologien hans ikkje hadde noko enkelt svar på meir nærliggjande spørsmål som innvandring, EU eller underfinansieringa av velferdsstaten. Desse blei det nemleg hoppa elegant bukk over.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her