DEBATT

Diktator kasta biskop på dør

DEBATT: Diktator Ortega har etter tur slege hardt til mot alle kritiske røyster. Sist ut var den katolske kyrkja.

Publisert Sist oppdatert

Diktator Daniel Ortega i Nicaragua gav seg ikkje før han var kvitt den modige biskopen Rolando José Álvarez. Den framståande katolske kyrkjeleiaren blei utvist 14. januar, nesten eitt år etter at han blei dømt til 26 år og fire månaders fengsel på ugrunna skuldingar om ei samansverjing.

Biskopen har kritisert menneskerettsbrot under Ortega. Han freista dialog mellom regimet og demonstrantar etter store demonstrasjonar mot regimet i 2018. Seinare har Alvaréz frå bispesetet prøvd å hjelpa folk som har vore forfølgde av Ortega-regimet. Biskop Álvarez var ein av 19 romersk-katolske politiske fangar som blei utviste i denne runden – med adresse Vatikanet. Blant dei 19 var også biskop Isidoro del Carmen Mora Ortega som blei arrestert 20. desember. Dei andre var 15 fengsla prestar og to teologistudentar. Regjeringa takka pave Frans for at reisa til Vatikanet var blitt mogeleg.

Diktator Ortega har etter tur slege hardt til mot alle kritiske røyster. Sist ut var den katolske kyrkja. Biskop Álvarez blei sett i husarrest 19. august 2022 etter ein massiv politiaksjon mot bispesetet og fleire kyrkjer.

Biskop Rolando Álvarez Lago

Den 10. februar i fjor blei biskopen dømt til 26 år og fire månaders fengsel i ei summarisk rettssak. Det skjedde dagen etter at regjeringa sette fri 222 politiske fangar og sende dei i tvunge i eksil i USA. Den gongen kom det melding om at biskopen nekta å dra frå landet.

Biskopen blei fråteken statsborgarskapen og alle borgarrettar på livstid. Han var heller ikkje blant ei gruppe på 12 romersk-katolske prestar som blei sende i eksil i Roma i oktober 2023. Det er sjølvsagt grunn til å gleda seg over at biskopen og dei andre leiarane no er ute av fengsel. Men det er ingen grunn til å sjå dette som eit teikn på godvilje frå president Ortega. Dei to biskopane og dei 17 andre er, som mange før dei, blitt tvinga ut av landet, ribba for alle rettar og utan sjanse til å venda heim. Kritikarane av Ortega får det dystre valet mellom å sitja i fengsel i årevis ­eller å bli utviste, utan rett til nokon gong å venda heim.

Vi må halda fram med å krevja at alle politiske fangar i Nicaragua blir sette fri utan vilkår. Biskop Alvaréz og alle andre som er fråtekne statsborgarskap og borgarrettar, må få desse tilbake.

Noreg har vore mellom landa som har kritisert menneskerettsbrota under Ortega. Det er viktig å halda Ortega ansvarleg for den systematiske kampanjen for å reinsa landet for alle kritiske stemmer.

Medan den gamle frigjeringshelten Ortega kvittar seg med modige biskopar og andre kritikarar, styrkjer han diplomatiske og andre band til diktaturet Kina, der Xi Jinping sperrar kritikarar inne.

Dei som ein gong glorifiserte Daniel Ortega som frigjeringshelt, får no reflektera over kvifor Nicaragua enda som eit diktatur.

Powered by Labrador CMS