For å lese pluss-artikler må du være abonnent
Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud
DEBATT
At eit prosjekt er stort og spektakulært er ikkje eit argument korkje for eller mot.
Tidlegare leiar i Sagene Høgre, Paul Aage Aasheim, skriv i eit innlegg i Minerva at det er grunn til å spørja seg om det er vestlendingane sjølve – og ikkje Oslo – som hindrar utbygging av ferjefri E39. Aasheim trekker fram delstrekninga Stord–Os (også kjent som Hordfast) som eit døme på eit stort prosjekt som vestlendingane har sett seg nærmast fartsblinde på. Fordi vestlendingane her har fått sjå «den perfekte løysinga», er det ifølgje Aasheim ikkje rom for å diskutera alternativ som til dømes trinnvis utbygging.
Eg skal ikkje avvisa Aasheim sine innvendingar, men ønskjer å nyansera biletet av vestlendingen noko. Det er nemleg ikkje slik at alle på Vestlandet går rundt og skuldar på Oslo for at det framleis er ferje på strekninga mellom Halhjem og Sandvikvåg. Ein stor del av skulda har me nemleg sjølve. Kvifor? Fordi samferdsle og traséval er breiddeidrett på Vestlandet, og det er nærmast umogleg å bli samde om kva som skal prioriterast. I den grad me kan skulda på Oslo for at Hordfast ikkje blir noko av, har me sjølve gitt hovudstaden den målgivande pasninga.
At det ikkje skal vera rom for å diskutera alternative løysingar, stemmer heller ikkje. Er det noko som har fylt spaltene i vestlandsavisene dei siste 10-12 åra, så er det framlegg til alternative løysingar til Hordfast.
Hordfast kostar likevel ikkje meir enn det nye regjeringskvartalet. Faktisk mindre, fordi ein monaleg del av finansieringa ville ha vore bompengar og innsparte ferjekostnader. Med Hordfast ville ein fått lagt ned to ferjestrekningar som til saman vert drifta av fem ferjer, i tillegg til reservefarty. Dette ville gitt store innsparte kostnadar for staten og fylket kvart einaste år etter utbygging. Utgiftsmessig er Hordfast heller ikkje særleg dyrare for staten enn ein no planlagd jernbanestasjon på kvikkleiregrunn i Moss.
Om vestlendingane hjelper Oslo å seia nei til store vegprosjekt i vest på grunn av regional krangling og omkampkultur, bidreg Oslo sjølv med å skapa misnøye ved at dei same summane utan problem ser ut til å kunna brukast på langt mindre prosjekt i hovudstadsregionen. Eg er gjerne med på ein debatt om redusert pengebruk, men det bør i så fall vera ein nasjonal dugnad der alle må ta sin del av reduksjonane.
Partiet Høgre må også ta noko av skulda for at dette prosjektet enno ikkje er realisert, trass sterk politisk vilje på heile den borgarlege sida av midtstreken. Partiet hadde regjeringsmakt i åtte år, men klarte likevel ikkje å låsa prosjektet. At det skal ta meir enn åtte år å slå fast at eit slikt prosjekt skal byggast, er i seg sjølv eit stort problem. Når eit austlandsdominert Ap i 2021 overtok makta saman med eit indre strok-dominert Sp, sa det seg sjølv at Hordfast i det minste ville bli lagt i kunstig koma, eller eventuelt berre avliva på staden. Det ser dessverre ut som det er det siste som har skjedd.
Heilt sidan 2013 har den statlege lovnaden om Hordfast lagt føringar for den øvrige samferdsleplanlegginga i regionen. Gjennomgangsmelodien har vore at «snart kjem Hordfast, og då kan me gjera slik og sånn, i staden for at me berre gjer det slik no». Når staten derimot etter vel åtte år gjer vendereis, har me brukt veldig mykje tid og utsett mange gode prosjekt, fordi staten jo signaliserte klårt at dette trass alt kjem. Det er såleis ikkje berre næringslivet som treng føreseielege rammer.
Aasheim har heilt rett i at ei bru frå Stord til Tysnes, og ei veldig mykje kortare ferjestrekning over Bjørnafjorden, hadde vore ei god og mykje betre løysing enn det me har i dag. Eg er slett ikkje motstandar av det. Men kva er det eigentleg i dette for staten? Brua til Tysnes og vegen over øya vil bli ei heftig investering, men ein vil likevel halda fram med dei årlege driftskostnadane til ferjene. Sjølvsagt ville ferjesambandet kunne drivast betre og rimelegare med ei ferjestrekning som berre er ein tredel av dagens, men for staten som skal delfinansiera dette, er gevinsten mindre enn ved å bygga heile strekninga.
Det kan godt henda at vestlendingane har sett seg blinde, men det har nok truleg austlendingane (her representert ved Aasheim) også.
At eit prosjekt er stort og spektakulært er elles ikkje eit argument korkje for eller mot. Viss noko samla sett er ei god investering, bør det byggast. Me lever i ei tid der den rådande stemninga i landet er at «dette er for råflott, dette treng me ikkje». Treng ikkje meir kraft. Treng ikkje flotte kulturbygg. Treng ikkje store og lange bruer. Ikkje naudsynt med meir kunst.
Kva skjedde med «vi vil oss et land»? Tenk om denne mentaliteten hadde vore rådande i starten av nasjonsbygginga vår i starten av førre århundre?
Då hadde det ikkje blitt mange kraftstasjonar eller storindustri. Ingen Bergensbanen eller Nationaltheateret. Heller ikkje ein vakker stortingsbygning, og i alle fall ikkje eit aldeles nydeleg finansdepartement.
Til liks med mange vil eg gjerne ha slutt på statleg sløsing. Nasjonsbygging derimot, er eg sterk tilhengar av. Med mindre me vart ferdige å bygga nasjonen med operahuset i Oslo kring årtusenskiftet, vil det framleis vera naudsynt å realisera nokre store og spektakulere prosjekt her og der. Både i Oslo og elles i landet.