DEBATT

22 000 kristne frå alle kyrkjesamfunn - ortodokse, katolske, anglikanske og protestantiske kristne – deltok 19. februar 2023 i den fredelege protesten mot vald mot kristne i India. Demonstrasjonen blei halden på den kjente plassen Jantar Mantar i hovudstaden New Dehli.

Indiske kristne i protest mot vald

DEBATT: Samtidig som India er i ferd med på bli verdas mest folkerike land, stig frykta for framtida blant landets muslimar og kristne.

Publisert Sist oppdatert

Indias kristne minoritet går til vanleg stille i dørene. Og alltid i fred. Berre fem gonger tidlegare i landets 75 år lange moderne historie har indiske kristne demonstrert i hovudstaden New Dehli. Dei har då protestert mot valdtekt av nonner, drap på misjonærar og ein grufull pogrom. Det er alvor kvar gong. No er det alvor igjen.

Søndag 19. februar samla 22 000 kristne frå alle kyrkjesamfunn seg sentralt i New Dehli. Dei ropte ut frykt og protest på grunn av kraftig vekst i målretta hat og vald mot kristne samfunn særleg i seks av dei 28 delstatane.

Rekord i vald

I fjor dokumenterte menneskerettsgruppa United Christian Forum 597 tilfelle av vald mot kristne. Truleg er det store mørketal. Mange tilfelle vert aldri rapporterte, fordi folk ikkje vågar av frykt for fleire angrep. Andre saker blir aldri registrerte av politiet, sjølv om sakene vert melde.

Veksten har vore markant sidan 2014, då India fekk si hindunasjonalistiske regjering leia av partiet BJP og statsminister Narendra Modi. I fjor var talet på angrep nesten fem gonger så stort som i 2014 – då var det 127.

Religiøse ekstremistar har fått altfor frie hender til å angripa både muslimar og kristne, og det utan å risikera straff. Mange stader har muslimar det verre enn kristne. Dei blodige hindu-nasjonalistiske angrepa på muslimar i New Dehli i februar 2022 – med over 40 drepne og meir enn 200 skadde – heng som ei mørk sky over landet, vel å merka sett frå minoritetane si side.

Demokrati mot religiøs nasjonalisme

Det moderne India blei for 75 år sidan fødd som eit demokrati med grunnlovsfesta trusfridom og mangfald. Landet har vore heiderstittelen «verdas største demokrati». Men i 2023, året då India venteleg passerer Kina som verdas mest folkerike land, er heiderstittelen i ferd med å falma for alvor.

Dei hindu-nasjonalistiske kreftene som vil ha India som eit land for hinduar, har vakse parallelt med Indias vekst. Alt for 100 år sidan, då hindutva-ideologien blei utvikla, skreiv den store ideologen V.D. Savarkar (i boka Hindutva) kristne og muslimar ut av det nasjonale indiske fellesskapet.

MS Golwakar var fram til sin død i 1973 den leiande tenkjaren i den hindu-nasjonalistiske rørsla RSS (som er ei mor-rørsle for ein «familie» der regjeringspartiet BJP er med). Han endra RSS til å bli ei panindisk rørsle som skulle samla landet på tvers av alle etniske skilje. Golwakar fastslo tidleg etter frigjeringa frå Storbritannia og delinga mellom India og Pakistan at kristne, muslimar og kommunistar var indre fiendar.

Det har vore ein diskusjon om kor mykje denne fråsegna var knytt til den blodige delingsprosessen. Men det er ingen tvil om at tankegangen har fått auka fotfeste i den ekstreme delen av den hindu-nasjonalistiske rørsla. Sommaren 2021 lanserte nettopp RSS ein kampanje for å «frigjera» det hinduistiske India for kristne og muslimar.

Dei kristne leiarane som arrangerte demonstrasjonen i hovudstaden New Dehli i februar, formulerte naudropet slik: «Til og med leiande politikarar og medlemmer av ulike ikkje-statlege grupper ropar etter blodet vårt og trugar med å reinsa ulike statar for kvar einaste kristen – barn, kvinner og menn.»

Ei gruppe tidlegare offentlege tenestemenn har etterpå skrive brev til statsminister Narendra Modi. Dei slår alarm om eit klima av frykt blant kristne. Gruppa – Constitutional Conduct Group – skriv at sentralregjeringa gjer lite for å verna religiøse minoritetar, trass i vekst i rein diskriminering av kristne. I brevet ber dei statsminister Modi forsikra kristne om at dei skal få lik og rettferdig behandling både av regjeringa og rettsvesenet.

Jaga på flukt

Kristne i delstaten Chhattisgarh fekk i desember og januar føla hatet på kroppen. Væpna grupper gjekk laus på kristne i 33 landsbyar med stammefolk. Mobben fabrikkerte påstandar om pågåande massekonvertering. 1000 av 2500 som vart jaga på flukt, har ikkje våga å reisa heim. Dei fryktar for livet.

Den 2. januar braut mobben seg inn i og vandaliserte ei katolsk kyrkje i byen Narayanpur, ein distriktshovudstad i Chhattisgarh. Sjokkerande nok er også 30 prestar og pastorar blant dei mange arresterte.

I dei angripne landsbyane bur det stammefolk som går under fellesnamnet adivasi. Dette er Indias urfolk. Grunnlova garanterer trusfridom, men anerkjenner ikkje stammefolk som urfolk eller animismen (som er mange urfolks tru) som religion. For hindu-nasjonalistane er det hinduar som er berarar av kultur, religion og historie – og hindu-Indias reine blod. I mange adivasi-område har folk gått over til islam eller kristendommen for å bli kvitt undertrykkinga i kastesystemet. Kristen misjon, også norsk, har mange stader gitt stammefolk skular og helsetilbod og ei stemme, viser ein fersk rapport. Hindu-nasjonalistane gjer alt dei kan, også med brutal makt, for å hinduisera dei mange stammefolka som det samla er 105 millionar av.

Lover mot konvertering

Den store og mest folkerike delstaten Uttar Pradesh toppar lista over angrep på kristne. Der blei det i fjor utført 332 kjende arrestasjonar av kristne. Dei vart skulda for å skapa opprørte religiøse følelsar eller for å bryta antikonverteringslova som er innført i november 2020. Der er det inntil ti års fengsel for ulovlege konverteringar – for bruk av tvang eller lokkemiddel.

Uttar Pradesh er ein av 11 delstatar som har slike lover. Ekstremistane skuldar både muslimar og kristne – utan dokumentasjon – for å lokka eller tvinga adivasi til å skifta tru og for å bryta lovene.

Kristne leiarar i India er svært urolege fordi Indias høgsterett før jul påstod at «tvangskonvertering er eit nasjonalt problem». Høyringar pågår om vegen vidare. Liberale stemmer har kritisert domstolen. Den ser ikkje ut til å vika. Domstolen blei offer for farleg og falsk propaganda, seier dei som demonstrerte i New Dehli, det finst ikkje dokumentasjon, berre påstandar. Det er djup uro. Skal konvertering kriminaliserast i alle dei 28 delstatane, med inspirasjon til mobben å spreia endå meir hat? Lovene har knapt ført til dommar, men vert brukte som maktmiddel av hindu-nasjonalistisk mobb som påstår at det skjer massekonvertering og som tauar pastorar til politiet.

Naudrop

Den kristne demonstrasjonen i New Dehli var eit rop til president, statsminister, høgsterett og regjeringane i alle dei 28 delstatane: Dei kravde at kristne ikkje skal bli nekta velferd på grunn av trua si og at den grunnlovsfesta trusfridommen vert sikra. No blir fridomen undergraven av den religiøse ekstremistmobbens vald og av politikarar og dommarar med ein farleg agenda.

India er i ferd med å passera Kina og bli verdas mest folkerike land. Men statusen som «verdas største demokrati» er landet dessverre i ferd med å kasta på båten. Det er tragisk. Mitt naudrop går til den norske regjeringa. Ver klokkeklar i møte med Indias regjering: Landet er på ein farleg veg som trugar muslimar, kristne og andre religiøse minoritetar og demokratiet i India.

Powered by Labrador CMS