IDEER

Fåfengd, fåfengd: Pietisme og andeleg opprusting utan tru

Å byggja samfunnet på det ein kallar kristne verdiar utan å faktisk knyta det til ei viss tru, er som å byggja sandslott. Det står ei lita stund, men uunngåeleg kjem tidevatnet og skyller det bort.

Adolph Tidemand, «Haugianerne», 1848
Publisert

Dette er et essay. Meningene som fremkommer, er skribentens.

Her om dagen kom eg over ein post på Instagram, der ein katolsk prest med mange års erfaring frå skriftestolen reflekterte over det sekulariserte samfunnet si stadig større trong til – og aksept for – å henga ut «syndarar» offentleg. Døme på dette kan vera dei to som gjekk på Coldplay-konsert og som er blitt verdskjende for dette. Andre døme finn me her heime, med folk som har gjort ulike feil, oftast av moralsk karakter.

Presten minna om at Jesus tydeleg har gjeve uttrykk for at dei same metodane me brukar mot andre, til slutt skal brukast mot oss sjølve. Viss ein er truande vil ein derfor relativt raskt konkludera med at det er lurt å følgja Michelsens råd til Bjørnsson: «- Nu gjelder det at holde kjæft».

Viss ein ikkje trur på Kristus, er siste avsnitt sjølvsagt irrelevant. Då kan ein henga ut syndarar utan frykt, og det får heller berre vera at syndene ein heng andre ut for, først og fremst er rekna som synder av den same religionen som ein jo uansett ikkje vedkjenner seg.

Kristendommen sin verknad for norsk lov og rett og kultur elles har vore godt drøfta i samband med fjorårets jubileum for Magnus Lagabøte si landslov. Me kan seia at som nasjon, så sit store delar av det kristne tankesettet i oss som «en tatuering», som ein svenske ein gong tilsvarande sa om sosialdemokratiet. Men korleis blir det å ha eit tankesett basert på noko dei fleste eigentleg ikkje trur på?

Eg vil ikkje her gå inn i ein diskusjon om reformasjonen, men det er eit faktum at framveksten av pietisme var eit resultat av overgangen til protestantisme. Dei fleste andre landa i den kristne delen av verda har vore sparte for dette, noko ein lett legg merke til dersom ein besøkjer til dømes Sør-Europa. Ein kan sjølvsagt diskutera om katolisismen fekk noko liknande med jansenismen, men denne gjengen fekk etter kvart ganske store problem med paven.

Noreg i dag kan ikkje i praksis reknast som eit kristent land, utover kanskje reint kulturkristeleg. Landet er gjennomsekularisert, og folk flest har meir kunnskap om ramadan enn om den kristne fasten. I mange år har den rådande tonen i samfunnsdebatten vore at religiøs tru i utgangspunktet må ha samanheng med naivitet, eller kanskje til og med eit lågare intelligensnivå. Å basera politikk på eit reint kristent grunnlag, har stort sett vore ganske uakseptabelt for dei fleste aktørane i samfunnsdebatten.

Noreg har med andre ord i det store og det heile kvitta seg med kristendommen. Men landet har altså likevel valt å behalda mykje av tankesettet, med til dels sterke innslag frå pietismen. Desse innslaga finn me igjen i lovverket, samfunnsdebatten, i redaksjonelle oppslag og på sosiale medium. Med sistnemnde er særleg verknaden av å henga ut syndarar mykje større no, enn då ein dreiv med gapestokkar. Det har mange som har gått moralske feilsteg av særleg økonomisk eller seksuell karakter, fått erfara. Tilgjeving for desse – lat oss kalla det syndene – er ikkje eit tema. Vedkomande skal trekkja seg, karrieren skal leggjast ettertrykkeleg i grus, og om familie og vener ryk med, får det heller berre vera. Det er kanskje slik det etter kvart går i eit land der skriftemålet har vore avskaffa i mange hundre år.

Men lat oss også sjå på lovverket: Mykje av det som etter pietistane sitt syn var synd og skam, er i dag strengt regulert av norsk lov. Dette gjeld mellom anna alkohol (og rus elles), pengespel og prostitusjon. Det er kanskje litt banale døme nokre av desse, men eg meiner dei fortel noko om korleis pietismen si ånd framleis har eit ganske godt grep på det norske samfunnet.

Det er ikkje høve til noko så sjølvsagt som å få seg ei øl på ein fotballkamp (viss ein er vanleg publikummar). Og nåde den som føreslår det i håp om at det kan gje meir publikum og større interesse for sporten! Idrett og alkohol høyrer ikkje saman, er den uskrivne lova her i landet, sjølv om alle som likar å sjå sport, veit at desse eigentleg er uløyseleg knytte til kvarandre. Vidare er det strengt forbode å syna bilete av alkoholhaldige drikkevarer, eller noko som kan føra tankane til folk inn på dette. Jamvel er det forbode å kjøpa alkohol etter klokka 20 (18 på laurdagar), sjølv om samfunnsutviklinga syner at dess lettare tilgangen til alkohol blir, dess meir normalisert vert bruken også innanfor forsvarlege rammer. Heilt fram til slutten av 1990-talet var det framleis ølmonopol her i traktene eg sit og skriv dette, og Vinmonopolet måtte ein reisa lange vegar for å koma til. På den tida var fyll eit mykje større problem her enn det er i dag. Mellom anna var det stadig nyhendesaker om ferjer ute av kurs eller langt oppe på land som følgje av at mannskapet var fulle. Dette er det heilt slutt på no, når polet er komen til bygda, og David kan kjøpa ølet på samyrkelaget.

Ved juletider her heime flaumer sosiale medium over av «Av-og-til»-kampanjar (av og til må her forståast som «aldri»). Dette for å minna om at alkoholbruk i familiesamanheng eigentleg berre er fy. Dei fleste handterer nok dette heilt utmerka utan haldningskampanjar, men alkoholpietismen må få leva. Ein VG-kommentator problematiserte dette nettopp rundt juletider. Eg meiner det er rimeleg å seia at dette nok er eit utrykk for ei større, ibuande haldning og ønskje om både posering og peikefinger.

Pengespel er etter styresmaktene sitt syn i praksis ei «synd», men borgarane er så svake at dei treng hjelp til å tøyla desse lystene gjennom Norsk Tipping sitt monopol. Trass alt meiner statsmonopolet berre vel.

Der pietistane tidlegare grunngav restriksjonar med at dei ville berga folk frå helvete, har me i dag ei rekke restriksjonar av omsyn til «dei svakaste». Men dei såkalla svakaste er berre stråmenn i dette. Først og fremst handlar det om å bevara monopol, inntekter og den offentlege moralen.

«Love is love» – men der går grensa

«Alle har rett til å elska den dei vil», vert det ofte hevda kring juni månad. Men stemmer no dette i praksis? Gudskjelov ikkje. Det er framleis forbode for ein vaksen å elska nokon under 16 år, og viss du er av typen som meiner å kunna elska fleire, kan dette ikkje gjevast nokon offisiell tilslutnad gjennom at ekteskapslova vert utvida til å også omfatta ekteskap mellom fleire personar enn to. Dette er det lovmessige. Det er ei tydeleg hit, men ikkje lenger-grense.

Men korleis reagerer me som samfunn i dag på det som fullt lovleg vert hevda å vera kjærleik mellom lat oss seia ein mann på 59 år og ei kvinne på 25 år? Svaret er at me likar det ikkje. Sjølv om alle har rett til å elska den dei vil, og kjærleik er kjærleik. Men akkurat det der er det noko suspekt over.

Samfunnet sitt syn på åleineforsørgarar (oftast mødre), er etter mitt syn framleis også noko pietistisk. Eit kvart barn som vert fødd her i landet er viktig (og bør vera ønskt) med omsyn til den demografiske utviklinga. Men kva har me å tilby dei som vel å bera fram eit barn utan partnar? Dei fleste av dei dømer me til eit liv i eit leigd husvere, ofte i kjellarar, og til ein økonomisk situasjon heilt på grensa til det forsvarlege. Åleineforsørgarar arbeider ofte hardare enn dei fleste andre for å få endane til å møtast. Dette tilseier at dei dessverre ikkje har ein særleg høg status i samfunnet vårt.

Då er det langt lettare viss ein har følgd «den rette oppskrifta»: Først kjærast, så studier, deretter bustad, forpliktande samliv – og til slutt barn. Høyrt den oppskrifta før?

I våre dagar skal sjølvsagt ingen føla seg tvungne til denne rekkefølgjen, men dei som ikkje følgjer den, må sjølvsagt ta konsekvensane.

Og viss ei 19 år gamal jente kjem og fortel at ho er gravid, og at barnefaren har stukke av, men at ho likevel ønskjer å bera fram barnet, svarer me då «din kropp, ditt val» like utan atterhald som i motsett tilfelle? Tilhøva norske åleineforsørgarar lever under peikar meir mot eit moralistisk samfunn enn eit miskunnsamt og tolerant.

Eg trur ikkje me treng drøfta spørsmålet kring prostitusjon noko meir inngåande. Alle veit at det er ein stor styggedom. Ikkje noko men, der.

Mea maxima culpa

Det er avgjerande viktig å få slutt på seksuell trakassering i arbeids- og samfunnslivet. Men kor mange detaljar treng me om kvar einaste maktperson som har tråkka skeivt her? I følgje einskilde redaktørstyrte medium, som no visst er demokratiet sitt siste forsvarsverk, treng me alle eit inngåande oversyn. Det var visst til dømes naudsynt at me såg alle tekstmeldingane av seksuell karakter som ein tidlegare fagforeiningstopp hadde sendt til ulike kvinner i rørsla si.

Men dette var sjølvsagt ikkje naudsynt for å konstatera at den nemnde leiaren hadde synt uhøveleg framferd, og såleis difor neppe var eigna til å ta eit steg opp på karrierestigen. Det der var berre naudsynt dersom ein ville henga ut syndaren skikkeleg, litt som i den eine scena i Game of Thrones der syndaren må gå gjennom gatene til lyden av klingande bjøller medan folkemengda ropar «shame».

«Gud ønskjer ikkje syndaren sin død, men at han vender om», står det skrive. Ønskjer me det same for alle syndarane som vert hengde ut her til lands? Ønskjer me å drøfta inngåande korleis ein kan rehabilitera folk som har gjort dumme ting, slik at dei på nytt kan bidra til samfunnet med kompetansen og talenta dei trass alt har? Eg har ikkje inntrykk av at dette aspektet er veldig viktig, for det roar seg alltid ned når folk har trekt seg, gått konkurs eller blitt langvarig sjukemelde.

Viss nokon har begått eit overtramp mot nokon av alvorleg karakter, kan det sjølvsagt ikkje vera automatikk i at vedkomande skal få returnera til normalen. Men der kjem botsaspektet frå kristendommen inn. Ved å gjera bot, stadfestar ein anger. Og normalt er botsøvinga også ein føresetnad for tilgjevinga. Ofte må då uretten mot den konkrete personen ein har gjort den, bli gjenoppretta på eit eller anna vis. Men botsinstituttet har ingen plass i norsk samfunnsdebatt, eller i slike saker. Kyrkja sine gamle mekanismar for å gjenoppretta urettferd og synd, vart borte med sekulariseringa. Men syndene vart med vidare.

Gi meg de rene og ranke

Kva slags folk får me i offentlege verv og leiande stillingar som følgje av risikoen for å bli hengd ut viss ein ikkje alltid har levd heilt etter boka nesten ingen trur på lenger? Truleg ein gjeng med morgonjoggande revisorar som aldri har gjort nokon særlege feil, men som kanskje like sjeldan har gjort noko som er verkeleg rett.

Kva slags lovverk får me i det vidare dersom alle som sit på Stortinget er folk som aldri har brote ei einaste lov? Eller som aldri drikk for mykje, eller rotar litt med rekneskapen? Svaret på det er lett: Me får eit meir og meir rigid lovverk og kontrollregime. Miskunnslaust mot syndarar og svake sjeler med sans for snarvegar. Eg vil tru me her snakkar om ein ganske stor del av folket.

Poenget med dette, er: Kva skjer i eit samfunn der tru gav lov, rett og moral, men der ein sidan tek vekk trua? Jau, ein tek vekk fundamentet for det som har gitt lovene og den ålmenne oppfatninga av rett og gale. Og balansen mellom desse.

I kristen samanheng er tilgjevinga eit like viktig aspekt som synda. Og hadde ikkje tilgjeving vore mogleg, hadde dei gamle lovene framstått som heilt urimelege, kanskje til og med umoglege. Slik det for så vidt var, heilt fram til Kristus kom med den nye pakta.

Om ikkje er det stor fare for at det ville ha vore tilnærma sjele- og folketomt i Himmelen i all æve.

Gud veit at Han er langt meir miskunnsam enn snittet i det norske kommentatorkorpset, og blant alle steinkastarane som brukar mesteparten av tida si på internett.

Så kan ein innvenda at rehabilitering er eit viktig aspekt i straffelova. Og det stemmer heilt. Men me snakkar her for det meste om tilhøve som ikkje kan eller bør straffast etter denne lova.

Men det er altså der me er. Ikkje éin bokstav av lova skal forgå, som Han sa, men trua som ligg til grunn for den, har vore på veg vekk lenge. Og med dét fell også tydelegvis tilgjeving og miskunn mykje godt vekk. Syndaren overlét me til seg sjølv.

Og så held me fram med det som pave Frans så ofte åtvara sterkt mot: Me sladrar. Og me kosar oss med den andre sitt fall. Og dess meir pikant og pinleg det vert for vedkomande, dess meir kosar me oss. Frans var oppteken av kva som skjer med sjela vår når me held på slik.

Ve oss! Det er nesten som det burde vore straffbart.

Og kva med personen som vart utsett for eit overtramp eller maktmisbruk? Det verkar dessverre ofte som om vedkomande berre er interessant til dess syndaren er straffa, som eit slags verkty.

Slik blir det når det ikkje er samsvar mellom føremålet til lova, og korleis ein brukar den. Det kan bli utriveleg når det ein de facto er i ferd med å gjera, er å ta vekk det positive ved kristendommen, men samstundes vidareføra berre det som av dei fleste er blitt oppfatta som det negative.

Ein ny himmel og ei ny jord?

Men er det no eigentleg eit poeng å behalda noko som helst av det? Kva med å avskaffa både religionen og lova, og begynna på eit nytt lovverk basert utelukkande på «dei humanistiske verdiane»? Eit lovverk som ikkje har noko tilknyting til den gamle religionen? Ei omvelting tilsvarande den då åsatrua vart erstatta med kristendom?

Slik eg har argumentert, er det ein naturleg konklusjon. Men eg er konservativ, så eg ønskjer ikkje ei slik omvelting. Eg vil bevara heilskapen i den kristne kulturen, og sett meg på første fly til Roma dersom noko set i gang eit slikt prosjekt frå offisielt hald.

Dessutan vil det vera meiningslaust å erstatta eit kristent fundert lovverk med eit såkalla humanistisk, for det vil uansett ha det same opphavet. Det vil vera like tåpeleg som det einskilde no gjer ved å skriva fvt. (før vår tid) i staden for f. Kr. når ein uansett insisterer på å halda fram med pave Gregor XIII (!) sin kalender. Kristus er og blir utgangspunktet uansett kor mykje ein skriv fvt. Men dåren fattar det vel ikkje.

Det til side: Historia har vel uansett synt at eit land fint kan klara seg utan kristendommen og framleis vera eit godt land å bu i? Jau, enn så lenge er store delar av Vest-Europa eit godt døme på det. Men eg vil altså hevda enn så lenge, for fullstendig avkristna er me jo ikkje i skrivande stund, og aldri trur eg at me blir det heller.

«- Så du treng Gud du, for at du skal vera snill og skikkeleg», vil ateisten truleg hevda i ein slik diskusjon. Eg veit ikkje med dykk, men eg treng i alle fall det. Og likevel er eg stundom uskikkeleg. Men lat oss sjå på menneskeslekta i stort: Ingen viser seg å vera perfekte, og i alle fall ikkje dei som hevdar å vera det. Viss eit menneske hevdar at hen aldeles ikkje treng Gud for å vera eit skikkeleg menneske, så er dette eit mykje betre menneske enn meg. Eg bøyer meg i støvet for denne personen. Pave Benedikt XVI sa at om eit menneske, eller eit system, sett seg over, eller i Gud sin stad, så endar det alltid i galskap. Og det vil eg hevda han hadde rett i. Me har noko empiri liggjande lett tilgjengeleg, men me kan også sjå det litt an i det vidare, viss nokon har sterke innvendingar.

Men det er altså på bakgrunn av mellom anna dette at eg ikkje er interessert i den store omveltinga som skissert over. I tillegg til ønskje om å bevara kunst og kultur, sjølvsagt. Eg har rett og slett ikkje tru på eit ateistisk samfunnssystem. Eg trur det vil gå fillevegen, før eller sidan.

Motsett er det i denne samanhengen ein vanleg påstand at det trass alt er religion som er rota til det meste vondt, og det blir ofte synt til Kyrkja si om lag 2000-årige historie for å underbyggja dette.

Dei som kjem med påstanden gløymer rett nok at to ateistiske regime i førre århundre gjennomførte dei verste overgrepa i mennesket si historie, men dette kjem i bakre rekke når me ser kor mange krigar og overgrep som er, og framleis blir, utførde i ein religion sitt namn.

Eg seier ikkje at ateisme dermed automatisk fører til folkemord, slett ikkje. Det er ikkje på nokon måte rimeleg å hevda. Men det er veldig lettvint å hevda det motsette, at religion fører til folkemord, og få aksept for det premisset.

Og det stemmer jo dessverre at religion, kristendommen med, er årsak, direkte eller indirekte, til heilt forferdelege hendingar. Men å hella både Gud, kristendommen og institusjonen ut med badevatnet på grunn av dette, er ikkje rasjonelt. Då kan ein like godt seia at Storbritannia, som ein kan hevda har gjort fæle ting over heile kloden i lange tider, ikkje bør eksistera eller vera ein faktor i dag: Storbritannia er rota til mykje vondt på grunn av ting som er gjort i den britiske kongen sitt namn, og bør difor vekk. Eller Tyskland, sjølvsagt, som dei fleste av oss no vel har knytt eit håp til den snarlege gjenopprustinga av.

Nokon vil kanskje seia at ovanståande er ei tussete samanlikning, for ein nasjonalstat er jo noko heilt anna enn ein religion. Om ikkje anna går i det minste fram at generalisering og forenkling er lite eigna.

Ikkje gløym Nikea

Det er, med historiske fakta i baklomma, heilt rett å hevda at kristendom som faktor i samfunnsstyringa kan opna for maktmisbruk i religionen sitt namn. Dette er konvensjonell kunnskap hjå eit kvart menneske som har makt. Og viss ein berre brukar kristendomen som ein reiskap, og er mindre interessert i den personleg, så skjer jo sjølvsagt dette. Gamle KGB-offiserar oppflaska på ateisme kan til dømes hevda at dei trur på Gud viss dei finn dette føremålstenleg i dag.

Viss du som maktperson derimot sit med ei viss frykt for at Abrahams, Isaks og Jacobs Gud faktisk finst der, og såleis risikerer at Han slår deg med pest, kjønssjukdommar eller ulukke dersom du misbruker makta di i Hans namn, vert risikoen for maktmisbruket monaleg mindre.

Eg har til vanleg stor sans for den danske statsministeren. Mette Frederiksen er no – på sosialdemokratiet (!) sine vegner – i gang med «ei andeleg opprusting» av Danmark. Folkekyrkja skal på banen igjen. Og det er sjølvsagt interessant, sjølv om det er ein viss risiko for at det er ei «sosialdemokratisk» folkekyrkje det her er tale om. For dette vil ikkje fungera utan at ein først og fremst fyller den nemnde Folkekyrkja med tru igjen. Om ikkje vil det gå som med Den katolske kyrkja i Nederland: Institusjonen var knallsterk, men straks folk slutta å tru gjennom etterkrigstida, fall fundamentet for institusjonen vekk. Attende i dag står ei langt mindre, og økonomisk sett, fattigare kyrkje. Men det er ei langt meir levande (og dermed rikare) kyrkje, og ikkje først og fremst eit tomt skal, slik den var. Og slik visse tunger (ikkje berre vonde) kan finna på å meina at folkekyrkjene i dei nordiske landa er i dag.

Ein kvar politikar som ønskjer å bevara kristendommen i landet sitt, bør difor først og fremst starta med å seia høgt: «Eg trur på Gud Fader, den Allmektige, som skapte himmelen og jorda, og på Jesus Kristus, etc.»

Alt anna vil berre vera fåfengd. Å byggja samfunnet på det ein kallar kristne verdiar utan å faktisk knyta det til ei viss tru, sjølv om den er svak, er som å byggja sandslott. Det står ei lita stund, men uunngåeleg kjem tidevatnet og skyller det bort. I tillegg får det ei rekkje andre leie konsekvensar som følgje av ein kollektiv moralisme me til slutt ikkje anar kor kom frå.

Sanneleg, det seier eg dykk.

Powered by Labrador CMS