Bokmelding: Det tyske Europa
For Ulrich Beck handlar alt om EU, ingenting over, ingenting ved sida.
For Ulrich Beck handlar alt om EU, ingenting over, ingenting ved sida. Men sjølvsagt finst det alternativ, og det finst ei verd utafor EU.
Ulrich Beck (2013):Det tyske Europa. Machiavelli til Merkiavelli – maktstrategier under Eurokrisen Abstrakt forslag, 2013.
Det handlar om «Europa», som er det omgrepet Beck bruker om EU. Han siterer Timothy Garton Ash, som har uttalt at vi i dag har et europeisk Tyskland i et tysk Europa. Beck spør seg korleis dette kunne hende - og kva slags konsekvensar dette kan få. Beck er kritisk til at den offentlige debatten om EUs kriser nesten bare har ein økonomisk innfallsvinkel. Etter hans meining blir samfunnet og det politiske systemet oversett i analysane, og han ønskjer å gi ei ny tolking i sosialdemokratisk ånd der han ser EU frå individa sine sider. Beck drøftar situasjonen med at folk i medlemsstatane har synkande tiltru til EU, og spør seg korleis det kan vere muleg å nå målet om ein politisk union med felles nærings-, skatte- og sosialpolitikk under slike føresetnader.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her