Datalagringsdirektivet vil avgjere Høgres truverd
Ein treng ikkje minne eit konservativt parti på at det i eit demokrati er det borgarane som kontrollere staten, og ikkje omvendt. Difor er det mange av oss som har forventingar til at Høgre står opp for personvernet i debatten om datalagringsdirektivet

Då Stortinget sa ja til romavlytting i 2005 fekk Venstres truverd som eit liberalt verdiparti store riper i lakken. Framleis vert Venstrefolk som tek opp aktuelle personvernsaker konfrontert med ”sviket” for fire år sidan.
Venstre stod ikkje åleine om å seie ja til romavlytting. Det var eit solid fleirtal i Stortinget som og inkluderte Høgre, Krf, Ap, SP og FrP. Kvifor er det då slik at det nesten utelukkande er Venstre som blir kopla til romavlyttingsvedtaket? Svaret er todelt. Den eine forklaringa er sjølvsagt at justisministeren i 2005 heitte Odd Einar Dørum. Den andre er at Venstre hadde over tid bygd seg opp eit truverd som personvernets forsvarar. Venstre var partiet framfor nokon ein kunne lite på i saker der tryggleikskamp gjekk på akkord med privatlivets fred.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her