Eit forsvar for breiddeskulen
Høgre vil styrka den kulturelle danninga. Då kan ein ikkje redusera talet på fag i vidaregåande skule.
Programkomiteen til Høgre vil kutta nokre fag i vidaregåande skule, kunne me lesa i går. Men kva skal bort? Det kunne ikkje Nikolai Astrup seia noko om. Så kvifor ikkje byrja i motsett ende: Kva skal ikkje bort?
Norsk må fredast. Folk skal òg i framtida lesa og skriva, argumentera og drøfta. Og dei treng ein ballast av litteraturhistorisk danning. For som ein lærar sa til meg på vidaregåande:
– Eg veit om fysikarar frå Noreg som var på konferanse i Russland. Dei vart pinleg målbundne då russarane, som ein gest, tok til å snakka om Henrik Ibsen. Russarane hadde lese den norske diktaren. Det hadde ikkje norske akademikarar med doktorgradar og gjeve titlar.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her