Wanted dead or alive: Eit klassisk Sp
Lyn frå klår himmel: Den 13. oktober kl. 08.58 vart eg spurd om å skriva dette for Minerva. Dette = svar på fylgjande spørsmål: Om kor det vart av det borgarlege Senterpartiet.
Lyn frå klår himmel: Den 13. oktober kl. 08.58 vart eg spurd om å skriva dette for Minerva. Dette = svar på fylgjande spørsmål: Om kor det vart av det borgarlege Senterpartiet, om partiet framleis — eit stykke på veg — oppfattar seg sjølv som borgarleg og om det gamle Bondepartiet/Norsk folkestyreparti (demokratane) framleis har ei borgarleg “sjel”.
På papiret burde eg vera i stand til å svara. Eg er både partimedlem og tilsett i stortingsgruppa til partiet. Der arbeider eg med kontroll og konstitusjon: nær fortid, fjern framtid, lange liner og spelereglar. Djup politikk bortanfor dagsordenen. Men svara nedanfor lyt eg svara for sjølv: Dette er min tekst, mine freistnader, mi vurdering. (Det gjeld å maksimera talet på fridomsgradar. Det er lett.)
Faste grep om flytande omgrep Og det gjeld å vera på høgd med sine omgrep. Dét er evig vanskeleg. Ikkje minst i norsk politikk; særskilt om vi set lupa over adjektivet borgarleg og/eller det kvardagslege synonymet ikkje-sosialistisk. Eg ser ingen klår empirisk referanse, inga fjellstø jording — berre nyansar i grått. Ikkje minst over tid: omgrepa flyt, flyt ut. Også “borgarleg”: Det står stendig oftare fram som eit omgrep i gråsona mellom det meiningsfulle og meiningslause. Meiner eg.
Minervas digitale årsabonnement til kr 999,-
Bestill her
Minervas digitale månedsabonnement til kr 119,-
Bestill her
Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her