DEBATT

Frå 17. mai til 29. juli? – Nasjonaljubileet og den kristelege nasjonalismen

Forholdet mellom religion, nasjon og politikk er aktualisert ved Nasjonaljubileet 2030. I dette landskapet bør det takast høgde for den kristelege nasjonalismens betydning i moderne norsk historie. Til dømes var landsmåls-diktaren Olav Aukrust ein talande eksponent for denne ideologien.

Publisert

Dette er et debattinnlegg. Meningene som fremkommer, er skribentens.

Nasjonaljubileet

Om fem år er det 1000-årsjubileum for Slaget på Stiklestad. Olavsdagen/Olsok har status som Nasjonaljubileet. Dette aktualiserer tilhøvet mellom religion, politikk i norsk fortid, samtid og framtid. Diskusjonen om dette er sjølvsagt i gang for lengst. I Minerva har det til dømes vore argumentert for at det «moderne, pluralistiske Norge» godt kan markere Olsok, og det er jamvel antyda at vi kan «takke» Olsok for Grunnlovsdagen. Begge desse perspektiva kan med fordel utdjupast med større vekt på arva frå den norske nasjonsbygginga på 1800- og 1900-talet.

Det er derfor verdt å minne om at den moderne markeringa av Olsok må sjåast på bakgrunn av den kristelege nasjonalismen som formativ kraft i Noreg, ikkje minst korleis denne var verksam i perioden 1814-1930. Ved å ta høgde for denne historiske perioden blir vi merksame på tidlegare forståingar av tematikken, noko som igjen gjer det lettare å oppnå kritisk distanse overfor meir eller mindre konstruerte tradisjonar.

For å illustrere dette poenget skal teksten som følgjer gje eit innblikk i opptakta til førre runde Olsok-jubileum, nemleg i 1930. Meir konkret skal vi sjå nærare på korleis diktaren Olav Aukrust (1883-1929) kopla Olsok saman med Grunnlovsdagen – begge merkedagane forstod han nemleg som mirakuløse uttrykk for relasjonen mellom Noreg og Gud. Med andre ord: påstanden om at vi har Olsok å takke for den moderne politiske fridomen er langt frå ny.

Ved å kaste blikk på korleis ein har argumentert og forstått Nasjonaljubileet tidlegare, blir det synleg at merkedagen aktiviserer ein idémiks av politikk, religion og nasjonalisme. Det er langt frå sikkert at denne vil eller kan akseptere å halde seg innanfor borgarlege rammer. Få om nokon utrykte dette problemet meir kraftfullt enn skalden frå Lom.

Den kristelege nasjonalismen

For Olav Aukrust og andre meiningsfellar var religion, nasjon og politikk tre sider av same sak. I boka Kristendom og norskdom. Grundtvigianarar, folkehøgskular og kristeleg nasjonalisme i Noreg ca. 1810-1920 viser eg at denne tredelte samanhengen har stått sentralt innanfor ein lang ideologisk tradisjon i Noreg. Denne var ikkje eintydig, og hadde i seg både teokratiske og demokratiske, konservative og liberale overtydingar.

Olav Aukrust var i denne forstand å rekne som ein slags norskdomsprofet – det fanst fleire slike, men sistnemnde var tvillaust mellom dei mest karakteristiske i så måte. Dette var aktørar som med karismatisk autoritet freista å vekkje folkets ibuande krefter til religiøs-politisk utvikling i tråd med Guds lov. Dette var gjerne forstått som den einaste måten å fortene guddommeleg velvilje i ei omskifteleg og stadig meir sekulært verd. I denne samanheng skal vi sjå nærare på innhaldet i talar som Aukrust presenterte på diverse markeringar av Grunnlovsdagen og Olsok.

Gåver frå Gud

Den 17. mai i 1914 hevda Aukrust at den politiske fridomen som følgde etter Grunnlova hadde eit religiøst opphav. Folket måtte derfor takke for at dei fekk «fridomens gåve av Gud». Takksemda måtte også kome fram i høve Olavsdagen. Under Olsok-markeringa i 1919 proklamerte poeten at folket måtte takke sin Gud for å sende dei Olav Haraldsson. Nordmenn hadde i seg ei «grunnkraft» som måtte foreinast med «krafti frå den kvite Krist». Var folket trufaste mot Heilag Olav sitt «program», ja, då ville den norske folkeånda kunne «verta den førande tidsånd». Men først måtte det skje ein slags moralsk omkalfatring. For viss ikkje folket «kastar seg på kne» for dette programmet ville det nemleg gå rett så ille: «da kjem domen over det».

På profetisk maner framheva Aukrust altså synda og behovet for folkeleg omvending. Samstundes ville han òg utvikle det guddommelege som han var overtydd allereie fanst i menneske og folk. Slik kunne ein fundamentalt konservativ og liberal etikk smeltast saman. Under Olsok-talen i 1922 hevda Aukrust nemleg at mennesket var skapt i Guds bilete og hadde såleis «guddomeleg evne» som kunne vekkjast hos alle. Med utgangspunkt i seg sjølve måtte alle menneske søke seg oppover til Guds rike, ikkje bale i den verdslege karusellen: «ikkje cirkelen – nei, spiralen er det som skal vera vår lengtings symbol».

Gradvis oppstiging ut over det verdslege var såleis målet. Like fullt fanst det vedvarande kulturelle verdiar: «det sanne norske kulturprogram» var alltid å vidareføre Heilag Olav sitt «profetsyn»; vente på at «det divine ljoset» skulle «strøyme» frå nord. Olav var rett og slett «vår norske profet, vår rette åndeleg-nasjonale folkeførar». Men ein måtte ha den korrekte forståing av sistnemnde for å «verta sanne nordmenn», presiserte Aukrust på avgrensande vis. Ein kunne altså ikkje automatisk kome inn under den kristna norskdomen.

Slik konstruerte Aukrust ein profeti som han meinte hadde stor betydning i norsk fortid, samtid og framtid. Men ved å aktivt ta til orde med desse tankane i offentleg tale, gav han i praksis seg sjølv rolla som ein slags nasjonal profet.

Det olsoknorske

Desse samanhengane utbroderte Aukrust frå talarstolen 17. mai 1925. Her la han fram ein altomfattande nasjonal typologi, beståande av det bygdanorske, landsnorske og olsoknorske. Bygda og landet var røter og greiner på «det norske livstreet», og det olsoknorske var sjølve krona. Den politiske fridommen skulle nyttast som kraft for å gå vegen frå bygda, via landet til det olsoknorske, poengterte talaren:

«Difor må det norske folk lære å bruke sin nye fridom rett. Det må lære å gå vegen frå 17. mai til 29. juli. Frå det landsnorske til det olsoknorske. Og ein gong skal tidi koma, da heile folket vårt – frå fjell til fjøre – skal lyde Guds ord og ta åndsdåpen.»

Det olsoknorske var dermed ein situasjon der heile folket hadde gådd heilt opp i prosjektet til Heilag Olav. Dette kollektive sakramentet skulle først skje når «tidi er fullkomen». Meir konkret når klasseskilnader, kulturelle og sosiale spørsmål var heilt og fullt «uppløyst». I det gjennomkristna folkesamfunnet fanst altså ingen borgarlege skiljelinjer. Det var med andre ord eit særs radikalt, religiøst-politiske program som Aukrust her formulerte. Slik vart den kristelege nasjonalismen ein revolusjonær katalysator.

Men Aukrust modererte seg. Enn så lenge hadde tilhøva i nasjonen betydning: det provinsielle og landlege gjekk over i det universelle, men berre viss folket lærte å bruke fridommen sin rett. Slik forstått var borgarlivet forgjengeleg, men like fullt ein tredestein opp til Gud.

Syntesen

Religion og politikk greip altså djupt inn i kvarandre. Aukrust held fram i dette sporet i talen på Grunnlovsdagen 1926. Det norske folket var eit «typisk vårfolk» som sleit med å bevege seg frå 17. mai til 29. juli. Den politiske frigjeringa som folket markerte om våren, måtte nemleg blomstre i ein nasjonal-religiøs høgsommar. For Aukrust hang dei to merkedagane saman, men ikkje kausalt, for som vi såg var også den politiske fridomen i grunn ei guddomleg frukt. Likevel gav ikkje Aukrust slepp på overtydinga om at det eksisterte ibuande krefter i folket som så å seie samarbeida med guddommen. Dette vart tydeleg i talen frå mai 1928: Grunnlovsdagen var ei «vidunderleg Guds gåve». Samstundes hadde folket den gongen gjort ei «veldig gjerning» ut i frå sine «inste livskjeldur».

Olsok 1929 var ein av dei siste Aukrust tok del i før han døydde. Her slo han fast at Heilag Olav var Noregs evige konge som alltid skulle leggje «Noregs sak» for trona til Gud. Aukrust forklarte at han hadde leita og satt seg inn i alle skriftelege kjelder han kunne finne om Olav, og etter dette leita han vidare i seg sjølv – «i mitt indre syn». Esoterisk viten tok over der bøkene slutta. Slik hadde hann innsett at folket måtte følgje Heilag Olavs eksempel, for den ævelege kongen var «ein strålande synthese» av det kristelege og nasjonale. Denne samanhengen var i ferd med å realisere seg på nytt, hevda Aukrust. Truleg tenkte han då på det nært føreståande 900-jubileet – eit arrangement som følgjeleg vart gjeve grenselaus stor betydning.

Gjennom Aukrust forstår vi at Nasjonaljubileet, kan gjevast tolkingar og innhald som utfordrar den borgarlege samfunnsordenen, og i heile tatt ei moderat og rasjonell samfunnsutvikling. Tilfellet Aukrust viser éin måte å forstå og omtale Grunnlov- og Olavsdagen på, nærare bestemt i opptakta til 900-årsjubileet for Stiklestadslaget i 1930. Diktaren sitt syn på saka må karakteriserast som radikalt og ytterleggåande, men samstundes merkverdig konservativt, jamvel radikal-konservativt. Slik sette både vidareførte og vidareutvikla han den kristelege nasjonalismen som hadde vore verksam frå tidleg på 1800-talet.

Vegen mot 2030

Det vil sikkert kome for dagen mange ulike perspektiv på korleis og kvifor Nasjonaljubileet skal markerast i åra som kjem. Sjølvsagt bør alle bidrag, faglege som verdiladde, møtast med kjeldekritikk – dei bør lesast med blikk for kva forteljingar og språk som tematikken omtalast og legitimerast med.

Ved å trekke fram historiske tekstar kan ein vurdere både kontinuitet og brot i ulike ideologiar og narrativ. Ved å lese slike i lys av relevante kontekstar og kan vi gripe kva avsendaren freistar å gjere med ytringa. For Olav Aukrust sitt vedkomande er det tydeleg at han ville overtyde, for ikkje seie vekkje, tilhøyrarane sine til bevisstheit om at det norske folket stod i direkte kontakt med Gud – ein guddom som greip aktivt inn i historia deira med både velvilje og straff. I dette rammeverket var både Olsok og Grunnlovsdagen uttrykk for det nasjonal-religiøse dramaet som var Noreg.

Nasjonale merkedagar inviterer til refleksjonar om kva normative verdiar som får offentleg sanksjon. Både Grunnlovsdagen og Olsok er merkedagar som er, mellom anna, tydeleg prega av den kristelege nasjonalismen som gjorde seg gjeldande i perioden mellom 1814 og 1930. Variantar av denne ideologien er verksam i vår eiga samtid – på aggressivt vis innanfor dei rådande regima i USA og Russland. Følgjeleg bør gjennomføringa og ordskiftet om Nasjonaljubileet aktivt ta stilling til korleis denne også har gjort seg gjeldande i vårt eige samfunn.

Alle sitat er henta frå:  Aukrust, O. (1965) Skaldespor. Artiklar, talar, brev og dikt. Gyldendal. 

Powered by Labrador CMS