KULTUR

Bjørn Hatterud er god til å skriva om korleis vi kan leva gode liv samstundes som vi slit med mykje, skriv Lars Kolbeinstveit.

Hatterud skriv irriterande godt

Noko av det finaste med Bjørn Hatterud er at han syner oss korleis vi menneske kan ha låg sjølvtillit samstundes som vi får til store ting. Han skriv så godt at det er til å grina av.

Publisert Sist oppdatert

Eg vert litt skuffa då eg opna den nye boka til Hatterud på toget ved Mjøsa, men etter kvart tar det seg opp. Det er så bra at eg vert rørt. Men boka starter altså ikkje så bra som den forrige svært gode boka Mjøsa rundt med mor. Eg vert trøyt av nøye forklaringar på kva gentrifisering er for noko, og alt maset om at folk i tettsitjande treningsklede er overfladiske og konforme medan folk i joggebukse på austkanten representerer mangfald. Eg er til liks med Hatterud slik at eg slappar meir av langt frå stive vestkantfolk. Hatterud snakkar opp det å gå på brune pubar, og å eta napoleonskake på Linderud senter. Her er eg heilt samd med Hatterud. Men mangfald er ikkje berre det vi sjølv likar. Mangfald er ulikskap og toleranse for val ein sjølv ikkje synest noko om.

Bok

Blokka på Bjerke: tretten år i tredje etasje

Bjørn Hatterud

Samlaget, 2023

200 sider

Men boka vert berre betre og betre. Hatterud har budd 13 år i ei blokk på Bjerke. 13 fantastiske år. Livet i blokka på Bjerke har vore alt anna enn isolert. I desse åra vert Hatterud godt kjent med einskilde naboar. Hatterud ser folk rundt seg, og har meir enn nok av gode historier og komplekse menneske til ei bok. Hatterud vert så godt kjent med enskilde naboar at det minner meir om familie, enn naboskap i ei blokk. Serleg utviklinga i venskapet med krigsseglaren Bjarne er spennande. Hatterud skriv så ein vert nyfiken og vil vita meir. Kven er denne Bjarne? Kva skjedde på sjøen under krigen og etterpå? Vi er ikkje ferdig med soga om krigsseglarene. Historia om norske krigsseglarar er større enn mange av oss veit. Det har store kinofilmar vist oss dei siste åra. Hatterud viser historia på eit anna vis, og vel så sterkt fordi det kjem nedanfrå i bokform. Kort og skarpt frå ein sofa i ei stove i et husvære i ei blokk på austkanten.

Hatterud tar blokklivet i forsvar og minner oss om at bygging av blokker også var framgang. Innlagt straum og vassklosett. Her fekk folk det betre. Kvifor han ikkje nemner Anna-Lena Løfgren og klassikaren Lyckliga gatan frå 1967, som døme på nostalgisk kulturell kritikk av drabantbyar veit eg ikkje. Eg venta på det. Eg venta også på meir drøfting av tvisynet til Hatturud. Han skriv om korleis han som funksjonhemma og mobba homofil gut frå bygda har jobba hardt. Samstundes tenkjer Hatterud at det er urettferdig at det er no når helsa er betre og han har gjæve jobbar, at han har det økonomisk romsleg. Han hadde hatt bruk for meir pengar når helsa var verre, og det var tyngre eller umogleg å jobba. Eg kan forstå kjensla, men strev må lønna seg. Det hadde ikkje vore meir rettferdig om vi ikkje hadde hatt ei arbeidslinje i velferdsstaten. Tvert om er arbeidslinje ei føresettnad for tillit til dei som får trygd, men Hatterud skriv lite som kan støyta venstreliberale og politisk korrekte.

Likevel brukar ikkje berre Hatterud kjensla av urett til å peika på NAV-byråkrati og klaga. Han gjer noko. Han er til stor hjelp for naboar, og er eit svært godt døme på at sivilsamfunn og nestekjærleik ikkje treng forsvinna i den sosialdemokratiske velferdsstaten. Den omsorgen Hatterud viser for naboar kan aldri velferdsstaten erstatta. Det er ikkje eit argument mot stor velferdsstat, men eit argument for at livet forpliktar, og at vi har personleg ansvar for andre rundt oss. Hatterud må ha betydd utruleg mykje for naboar dei 13 åra han budde i blokka på Bjerke. Og ikkje berre der. Det han skriv betyr mykje for oss som les. Noko av det finaste med Hatterud er at han syner oss korleis vi menneske kan ha låg sjølvtillit samstundes som vi får til store ting. Du trenger ikkje føla deg heilt frisk og heilt i toppform for å utøva noko stort. Store kunstnarar har ofte vore fulle av angst. Hatterud er på mange måtar vellukka i dag. Han skriv gode bøker og vinn prisar. Det fortjener han – særleg fordi han er så god til å skriva om korleis vi kan leva gode liv samstundes som vi slit med mykje. Det er ikkje så paradoksalt. Det er slik det er å vera menneske, og det har Hatterud god peiling på, og han skriv så godt at det er til å grina av.

Powered by Labrador CMS