Agencia de Noticias ANDES [CC BY-SA 2.0].
Brennpunkt Caracas
Debatten om venezuelansk og latinamerikansk politikk i Noreg har vore mangelfull. Som aktivist er det mi oppgåve å gjere noko med det.
Ein dagleg straum av bilde og vitnesbyrd viser eit Venezuela i djup økonomisk og sosial krise. Omfattande varemangel har gjort kvardagen for mange til ei jakt på naudsynte matvarer og medisinar, inflasjonen har nådd nivå regionen ikkje har sett sidan tidleg på 90-talet, og den svarte økonomien blomstrar. Resultatet er naud og desperasjon blant vanlege venezuelanarar. Politisk har landet gått frå å være svært polarisert til å bli åstad for kaotisk og valdeleg konfrontasjon mellom myndigheitene og opposisjonen. Demokratiske prosessar har stoppa opp, og store daglege protestar blir møtt på forsøk på kontroll, ofte valdeleg.
Samstundes har landet gått frå å vere leiande i regionale integrasjonsprosessar og utviklingsinitiativ, til i stadig større grad å bli isolert. Venezuela har vore eit regionalt konflikttema heilt sidan starten av 2000-talet, og polariseringa som pregar landet speglar seg òg på regionalt plan, noko som til no har gjort ein samla, konstruktiv innsats for ei løysing svært vanskeleg. Kombinasjonen av ekstrem polarisering, vald, autoritære grep, sosial krise og regional splid teiknar eit svært dystert bilde av landet.
I denne krisa er det høgst naudsynt å vise fram dei katastrofale effektane av krisa, og forklare årsakene bak dei. Det har både norske og internasjonale nyheitsmedium gjort.
Full pakke: digitalt årsabonnement + tidsskrift til kr 1499,-
Bestill her
Bli støtteabonnent: Få digital tilgang og tidsskrift, og støtt Minerva med kr 3000,-
Bestill her