DEBATT

Russland: Krigskritisk prest funnen skuldig i blasfemi mot kyrkja

DEBATT: Dei få russiske kristne som offentleg vågar å opponera mot krigen og den kyrkjelege velsigninga av Putins brutalitet, får smaka vreiden til både patriark og president.

Publisert

Den russisk-ortodokse presten Viktor Ioann (Johannes) Burdin er av eit kyrkjeleg tribunal i Russland funnen skuldig i blasfemi mot kyrkja og for å ha vore ulydig mot biskop og patriark. Han har fått forbod mot å arbeida som ortodoks prest. Burdin er tidlegare både pressa ut av prestestillinga og bøtelagt for kritikken av overfallet på Ukraina. Han har i meir enn eitt år hatt både biskop og rettsvesen i hælane.

Då han 16. juni blei stilt for eit kyrkjeleg tribunal i bispedømet Kostroma, knapt 40 mil nordaust for Moskva, stilte Burdin ikkje opp for å forsvara seg.

«Alle klagemåla er politiske og har ikkje noko med kyrkja og med teologi å gjera», forklarte Burdin i eit intervju utført på Telegram.

Kom seg ut 

Han kom seg, etter å ha fått visum, for få veker sidan til Bulgaria saman med familien. Han var vel vitande om at han risikerte nye kyrkjelege sanksjonar og deretter også straff etter Putins krigstidslov som forbyr «å diskreditera hæren».

Berre timar etter Putins fullskala invasjon i Ukraina den 24. februar i fjor publiserte Burdin ein protest på nettsida til landsbykyrkja i Karabanovo. Han gjorde det saman med den pensjonerte kollegaen Georgij Edelstein. Dei skreiv at kristne ikkje kunna teia «når ein bror drep ein bror, ein kristen drep ein kristen».

«Vi kan ikkje brydd lukka augo og kalla svart for kvitt, vondt for godt, og seia at Abel truleg tok feil og provoserte den eldre bror sin», skreiv dei to.

Samanlikna Putins krig med Hitlers

Dei to prestane samanlikna invasjonen i Ukraina med Tysklands overfall på Polen i 1939: «Lat oss ikkje gjenta brotsverket til dei som ønskte Hitlers handlingar velkomne 1. september 1939.» Som kjent grunngjev Putin «spesialoperasjonen» med kamp «mot nazistar i Ukraina».

Biskopen tvinga dei to til å fjerna protesten frå nettsida. Då Burdin i ei gudsteneste 6. mars minna om bodet «Du skal ikkje drepa», kom politiet. Burdin blei bøtelagt, tilsvarande ei månadsløn. Dette var den same søndagen som patriark Kirill heldt den berykta preika der han forsvarte krigen mot Ukraina med kamp mot vestlege verdiar, som Pride.

Edelstein har lenge visst kva krefter han kjempar mot. Han var ein kjent opposisjonell prest i Sovjetunionen. Etter unionens fall brukte Edelstein mykje tid på å restaurera kyrkjer som var øydelagde av kommunistregimet. Kyrkja i Karabanovo hadde vore brukt som stall. Då kyrkja var ferdig restaurert, blei Edelstein prest der til han blei pensjonist. Burdin overtok fram til han i praksis vart pressa ut for vel eit år sidan.

No har biskop og patriark stramma grepet ytterlegare rundt Burdin.

«Blasfemi» 

At Burdin ville bli nekta å vera prest, såg klart ut etter dokumentet som vart lagt fram for tribunalet 16. juni. «At blasfemi mot kyrkja og dei heilage ikkje let seg sameina med å vera prest, er ei sjølvinnlysande sanning», heiter det i det kyrkjelege rettsdokumentet. Dokumentet summerer opp ei etterforsking av alt det Burdin har skrive og som han har publisert i kanalen Telegram.

Burdin vart på bakgrunn av etterforskinga funnen skuldig i «blasfemi mot helgenar» og «blasfemi mot kyrkja», for å ha «bakvaska og ærekrenkt» kyrkja og spreidd klagemål om «brotsverk som ikkje er gjort». Burdin vart også funnen skuldig i å ha brote presteeiden, vore ulydig mot biskopen og forvirra truande. Det kan føra til at kyrkja – «Gud forby – blir splitta», som det heiter i det kyrkjelege rettsdokumentet.

Dokumentet slår fast at hierarkiet, med patriarken på toppen, konstituerer kyrkja: «Alle følgjer biskopen slik Jesus Kristus følgde Faderen». Prestar og lekfolk har plikt til å følgja patriarken. Det er ei «feilslutning» at Burdin har sin «eigen rett til å forstå evangeliet», heiter det i dokumentet.

At ein kristen kan rekna seg som tru mot evangeliet og Kristus og opponera mot hierarkiet, er difor «blasfemi» for dei som etterforska Burdin og fann han skuldig. Han vert skulda for å ha eit protestantisk syn på kyrkja, der den enkelte på grunnlag av eige samvit kan tolka evangeliet.

Ingen blind lydnad 

Burdin svarar i intervjuet eg har gjort med han, at han ikkje vil bryta ned dei hierarkiske strukturane i den russisk-ortodokse kyrkja. Han anerkjenner den åndelege autoriteten til biskopen. Men, legg Burdin til: «Biskopens kall er å sikra at trua til kyrkja er rein. Ein biskop som av ein eller annan grunn har forvilla seg vekk frå evangeliet, kan ikkje lenger vera autoritet for flokken». Han avviser difor at han må setja sitt eige samvit til sides i blind lydnad til biskop og patriark når dei velsignar ein blodig angrepskrig.

Burdin skreiv i fleire norske aviser i mai i fjor at «prester forkynner død og drap som helbredende universalmiddel». Han kritiserte kyrkja for å spreia «farlege åndelege vrangforestellingar». Rettsdokumentet svara med at problemet er at Burdin er usamd med kyrkja i kva vondskap er. Det kyrkjelege rettsdokumentet opna også for at Burdin må stillast for retten i ei straffesak. Der risikerer presten i så fall fengsel for brot på Putins krigstidslover som forbyr å «diskreditera hæren» – eller endå verre: Å ha spreidd «bevisst feilinformasjon om hæren».

«Hat og frykt i hundrevis av år» 

To andre russarar står for tida for retten for på religiøst grunnlag å ha kritisert krigen. Musikaren Anna Tsjagina har vore gjennom åtte høyringar i retten i Tomsk. Ho har markert motstand mot krigen heilt frå starten og skreiv på Vkontakte – Russlands svar på Facebook: «Sæle er dei som skaper fred.» Ho er tiltalt etter paragraf 280.3 i straffelova: «Offentlege handlingar som tek sikte på å diskreditere bruken av Russlands væpna styrkar...»

Også ho er tidlegare bøtelagt. Bota hennar svarar til tre lokale vekeløner i Sibir.

Tsjagina fortel at ho heilt sidan krigen starta, aktivt prøvde å finna ut kva andre kristne tenkjer om krigen. Ho seier at den uhyggelege overraskinga var at «hat, splitting, smerte og frykt, som usynlege fiendar, dukkar opp overalt. Tanken på at det er prester som velsignar folk som drep, er veldig vanskeleg, uuthaldeleg og kvelande. Det er forferdeleg å sjå at ein stor del av den russisk-ortodokse kyrkja er fanga av avgudsdyrking overfor staten og ei etnisk gruppe. Dette starta ikkje den 24. februar 2022, men har dessverre gått føre seg i fleire hundre år. Det er endå vanskelegare for meg å forstå at det blant russisktalande protestantar også er dei som ser jordiske autoritetar som viktigare enn evangeliet».

Eitt år i varetekt 

I St. Petersburg har ein russisk-ortodoks prest som ikkje sorterer under Moskva-patriark Kirill, vore varetektsfengsla sidan juni 2022. Fader Ioann Kurmojarov heldt opp plakatar med påskrifta «Du skal ikkje drepa» (Det sjette bodet). Han er tiltalt etter ein annan paragraf enn Tsjagina, ein paragraf er straffa kan vera inntil ti års fengsel. Paragraf 270.3 i straffelova rammar nemleg «offentleg spreiing av (...) bevisst falsk informasjon om bruken av den russiske føderasjonens væpna styrkar». Når dommen fell, veit vi ikkje.

I Uran er Eduard Tsjarov, som til dagleg driv hospits for heimlause, idømt ei bot på ei månadsløn for å ha protestert mot krigen ved orda: «Ville Jesus ha reist til Ukraina for å drepa?»

Både prestane Kumojaro og Burdin, omsorgsarbeidaren Tsjarov og musikaren Tsjagina har stått rakrygga opp mot krig og kyrkjeleg krigsstøtte.

Powered by Labrador CMS