Skriftemål frå ein konvertitt

Då eg lærte kva eit meir konservativt nynorsk var for noko, fekk eg ei openberring.

Publisert Sist oppdatert

Då eg fyrst byrja å skriva for Dag og Tid, ein vårdag for snart fire år sidan, hadde eg ikkje nytta nynorsk på femten år. Med andre ord hadde eg ikkje nytta nynorsk sidan vidaregåande skule. Og kvifor skulle eg vel det? Eg voks opp på Austlandet. Nynorsk kom meg ikkje ved. Eg hadde alt eit norsk som fungerte for meg, og det var bokmål.

Bokmålsbrukarar flest kan ikkje skriva særleg godt bokmål heller. Det må då vera viktigare å læra seg eitt skriftspråk godt enn å læra to skriftspråk halvveges, seier folk, så eg freista å gjera nett det. Eg las småskriftene til André Bjerke og lærde meg skilnaden mellom sort og svart, eg las meg opp på kommareglane, og eg freista å vera medviten om kva kvart omgrep eg nytta, eigenleg tydde. Drep meg, herre konge, men ikkje av di eg har skrive «i forhold til» når eg eigenleg meinte «om».

Eg nytta elles tida på å læra meg fransk, spansk og kinesisk. Eg freista jamvel å læra meg russisk på eit tidspunkt. Å setja i gang med å verta skikkeleg god i nynorsk såg eg verkeleg ingen grunn til. For meg var det i alle høve berre ei særform av bokmålet. Jamvel ein språkelskar som eg – etter kvart med ein mastergrad i kinesisk – såg ikkje på nynorsk som eit språk eg burde vera interessert i. Eg såg ikkje eingong på det som eit språk.

For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

Minervas digitale årsabonnement til kr 799,-

Bestill her

Minervas digitale månedsabonnement til kr 99,- pr mnd,
første to uker kr 1,-

Bestill her

Minervas digitale årsabonnement + tidsskrift til kr 1249,-

Bestill her

Powered by Labrador CMS